fredag 13. juni 2008

Du ju rait de vej ju tåk?

Er det berre eg som tykkjer det er slitsamt å lesa når folk skriv dialekt heilt ortofont?
(Døma er tekne vekk.) Ikkje for å henga ut nokon, eller nemna namn, men Nokon skriv slik konsekvent, og det gir meg hovudverk etter ei stund. Synd, for vedkomande er ganske grei elles :P

Det verste er at eg veit at eg skreiv slik før, eg òg. Men det var på ungdomsskulen, så eg vil tru eg er tilgjeve.

Ikkje misforstå, eg har ikkje noko imot at folk skriv dialekt, eg er faktisk veldig for det, og gjer det sjølv. Men når ein må lesa det fleire gonger og tilmed prøva å lesa det høgt før ein forstår det, så har det kanskje gått litt langt. Eller?

(Sjølvsagt er det annleis med inglisj, for det er berre morosamt. Yay for inglisj!)

8 kommentarer:

L. sa...

hahaha, eg syns faktisk det e værre å sku lesa engelsk så e skreve på den fornorska måten. Det e faktisk heilt fælt. Norske dialekter derimodt, dei forgude eg:) Lenge leve dialekter. Det gjør jo og det du skrive møye mer personlig... Når eg skreiv brev t dea når hu bodde i australia skreiv eg alltid på dialekt for bokmål vå ikkej meg i det heile tatt, og nynorsken får eg heller ikkje t. Dermed blei det min heilt über-personlige dialekt skreve for hånd for å gjør det heila ennå mer personlig:P
nei, ka seie du mårr, ska me gå i hajen å pittla blomar? Berre pass på så du 'kje snåffle i troskåd'l. Då é det gale, alse, det må du vel veda... hihihi...

Ne-kee sa...

Eg aaaaantar de fleste av disse setningene kom fra Jæren-området, for det hørtes ufattelig sånn ut. Og eg har grundig fortalt deg ka eg syns om _den_ fantastisk ekle dialektå.

Eg har aldri skreve sånn ekkelt, takk og lov. ^_^

Sara sa...

Lisabeth:
Hehe, eg digge å skriva "inglisj" bare for løye, men skjønne at det kan ver veldig stress å lesa :P
Men ja, eg e heilt enig i at det e herlig med dialekt, derfor eg skrive dialekt her inne som svar på kommentarene som e på dialekt :) men enkelte ganger blir eg litt frustrert når eg ikkje klare å tyda ting. Det e unntakstilfeller, då.
Hehe :)

Monique:
Ja, Vedkommande e fra Jæren. Og som du vett så digge eg Jærdialektene, men INGEN dialekter ser bra ut når de e nedskreve heilt ortofont. Den gylne middelvei FTW!

Anonym sa...

*Føle seg litt troffen hær*

Haha! Jærdialektå æ jo best jo! ;D

Anonym sa...

Eg *elskar* jærsk. Og eg elskar målføre skrive ortofont.

*Elskepå*. Eg skreiv ganske hax stavangårsk fyrr eg gjekk yver til nynorsken. Eg er jo for standardisering på _gode_ standardar, difor eg gjekk til det übertøffe språket nynorsk. ;-)

De e' jysla løye å skriva ortofont, menn vett'sje heil kaffår'någen setningårr såmm må te for atte de ska hørrast bra ud. Må ver någe spesiellt då. Kula! :D

Sara sa...

Stine: ja den e det, ikkje slutt bare fordi eg mobbe litt! :)

Odin: Ja de kann ver gannske sjekkt av å te, menn eg sunns fakktisk de e vannskeli både å skriva å lesa de. Kann jørr de fårr løye, då :)

Anonym sa...

Dette innlegget byrjar vel verta gamalt etter kvart, men eg tykkjer det er forvitnelegt. Eg pla elska målføreskriving, og tenkte laga ei eigi bøygjingslæra for talemålet mitt, men no irriterer eg meg yver at det ikkje er samsvar millom det ein skriv, t.d. ordet "det" vert skrive anten "d", "dt", "det", elder "de", gjerne i same teksten; dei hadde jamvel ein slik tekst i Dalane Tidene med nett dét mistaket.

Men, målføre er betre enn norskdanskt.

Forresten, inglisj eig fullstendugt!

Sara sa...

Victor! :D gøy å høyra frå deg!
Oi, det høyrtest litt rart ut å sjå det i ei avis... :S det er jo forvirrande i tillegg til å vera feil, og slikt :P hm jaja.

Målføre er absolutt mykje, mykje betre enn norskdansk. Aldri meir! ;D

Jej, aim såo glæd ju tink såo tu! :D