tirsdag 17. juni 2008

Herr og fru Rege Gårdsvoll

Då har eg vore i bryllaup, for andre gong i livet mitt. Det var ganske spesielt, av fleire grunnar. Men det kjem eg tilbake til.

Det heile byrja med ein SMS frå Sigrid om at Helge hadde fridd, og at ho hadde sagt ja. Ikkje så lenge etter fekk eg vita datoen for bryllaupet. Ei stund etter det spurde Sigrid om eg kunne gjera henne ei teneste. Ho skulle nemleg ha ein gjest frå Canada, og trong nokon til å omsetja for henne. Det høyrtest jo spanande ut, det, så eg sendte ein mail til denne jenta, Christi heitte ho visst.

Fram i tid. Det er onsdag før bryllaupet, altså dagen for utdrikningslag, og eg stressar livet av meg for å koma til Sandnes (det er rushtid og eg har brukt for mykje tid på å finna noko å ha på meg. Kvifor er det så vanskeleg, eigentleg? Eg plar ikkje stressa så mykje med slikt. Jaja.) og kjem omsider fram til Amfi Vågen og spottar dei andre. Gir Sigrid ein klem, og får greie på kven det er som er Christi. Me byrjar å vandra rundt i Sandnes...

Sigrid fekk nokre telefonnummer som ho skulle ringa til for å spørja om ekteskapsråd. (Dei sa slikt som "Snakk mykje saman" og "Ver uegoistiske" og "Byt på å laga middag".) Ho fekk ein saksofon i handa, og skulle spela til inntekt for brudekjolen. (Ho fekk 2 kroner.) Ho fekk 10 raude roser som ho skulle gi til framande menn, helst attraktive menn. (Fleire sa nei takk!) Så dro me heim til forlovar Marit, og åt taco.

Så kom laurdagen, og eg gjekk fyrst til frisøren. Ho sette opp håret mitt i ein ganske fænsi frisyre sett saman av mange fletter av ulik tjukkleik. Ho brukte 43 hårnåler og 9 fliseklemmer og 13 strikker. Ho skulle sjølv gifta seg ganske snart, og dei skulle til Okinawa på bryllaupsreise. Spanande!

Snart måtte eg skunda meg i kyrkja, og drog med meg den store eska med bryllaupsgåva, som var ein brødristar (typisk amerikansk gåve) og ei kokebok som heiter "Gi oss idag..." og inneheld oppskrifter på brød (bibelhumor, ja!). Gudstenesta var heilt perfekt, ikkje for klissete og ikkje for keisam. Presten, Sindre Eskedal, kjenner Sigrid (og meg, for den saks skuld) godt frå Ljosheim Ungdomsgruppe. Difor vart talen hans akkurat passe personleg. Musikken var òg fin, trass i at forsangardama var litt for Celine Dion for min smak. Så ga dei kvarandre ringane, og alt det der. Det heile skjedde ganske fort, men det var veldig fint.

Etterpå køyrde me bort til festlokalet Himmel&Hav (tidlegare Strandleiren). Christi og eg sto og såg medan nokre jenter pakka opp gåvene. Me åt nokre druer og snakka om ymse ting, men hovudsakeleg Noreg. Om me ikkje hadde hatt kvarandre, kunne den ventetida vore uuthaldeleg. Men det var ganske hyggeleg.

Middagen var SKAMGOD. Seriøst. Det var ganske enkel mat, eg kunne sikkert ha laga det sjølv, men det smakte heilt himmelsk! Og så kom det jo dessert OG kaker i tillegg... *vann i munnen* det var rett og slett fantastisk. Berre maten var nok til at eg tykte bryllaupet var vellukka! Men sjølvsagt var der mykje meir enn det, òg. Til dømes talene. Alle greidde faktisk å halda talen sin utan å gråta, og dei var både morosame og vakre. KK-Anja hadde vore nøgd ;) det var ei utfordring for meg å omsetja dei sunnmørske folka sine taler, særleg når eg sleit med å forstå sjølv. Men det gjekk greitt.

Nokre av veninnene til Sigrid hadde underhaldningsinnslag etter middagen. Til dømes vart brudeparet testa i kor godt dei kjente kvarandre. Dei var samde om det meste, det lover godt, tykkjer eg! Elles var det masse fotografering, alle ville ha bilete av Sigrid og av seg sjølv saman med Sigrid og av Sigrid saman med familien og av Sigrid og Helge og av Ju Nejm Itt. Eg gler meg til å sjå bileta.

(Dette treng eit eige avsnitt.) Sigrid var den vakraste bruden i heile universet, og eg overdriv ikkje. Ho er jo alltid flott, då, men i brudekjolen var det nærast umogleg å sjå vekk frå henne. Skjørtet var digert, men ikkje på ein sånn tacky måte. "Overdelen" hadde korte ermer, og det var slik ei snøring-sak i ryggen. Så hadde ho roseknopper i håret. Nydeleg var ho!

Plutseleg var festen over, og plutseleg var det Dagen Derpå. Eg hadde avtalt å treffa Christi i byen, av di ho ikkje hadde noko å gjera heile dagen. Medan eg sat på bussen, byrja eg å blø naseblod. Typisk random uflaks som skjer med meg på ulike transportmiddel. Måtte stoppa det med jakkeermet og gå av med apoteket og få hjelp. Stress. Etter mykje om og men gjekk eg opp til Domkyrkja og sette meg ned med Christi. Eg visste ikkje heilt kva me skulle finna på, i Stavanger, på ein sundag. Me byrja å vandra, nok ein gong.

Me gjekk opp i Valbergtårnet og kikka utover byen. Eg peikte på ting eg visste kva var. Christi tykte utsikten var fin. Eller, ho sa iallfall det :P så gjekk me i Holmegata, og nedover mot Oljemuseet. Ho tykte det høyrtest interessant ut, så me gjekk inn. Fyrst las me alle dei greiene om oljehistorien, så vart det keisamt og me gjekk i Kattastroferommet. Ho greidde det på mykje kortare tid enn meg! Me gjekk i den der nett-sklie-greia, med ein liten gut rett bak oss. Me såg 3D filmen med dinosaurane. Så var me lei av museet, og gjekk på Le Café Francais og åt baguetter. Etter kvart måtte eg dra heim, og me vart samde om at me måtte treffast igjen ein gong.

For å oppsummera, så veit eg ikkje heilt korleis eg skal gjera det. Kanskje eg berre skal skriva at helga har vore fantastisk... ja, eg trur det held.

Helga har vore fantastisk, og dette har vore eit langt innlegg.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Herleg! Eg var òg i bryllaup i helgi. Meg og Helene. Men me jobba, - filma :-) Tihi.

Det høyrtest skikkeleg kos ut. Eg vil sjå bilete!

Sara sa...

Ja, det kjem sikkert bilete på facebook snart, så legg eg ut dei beste ;)