mandag 25. august 2008

Ei hake i samsvarsbøyinga

Han er sliten, dei er slitne.
Han er liten, dei er litne?!

13 kommentarer:

L. sa...

Dei er små.... Stemme ikkje det?

Sara sa...

Jojo :P my point exactly!

Anonym sa...

Elder småe, etter måten min.

Sara sa...

Ja, eller det ;)

Birgitta sa...

Haha.. Litt av eit problem! Nokon har ikkje gjort jobben sin ordentleg :p

Anonym sa...

Eg er tollegt viss på at det skriv seg frå norrønt. Eg veit ikkje med "sliten", men "liten" er, um ikkje eg hugsar rangt, "litill" på norrønt. Eg trur ikkje "slitill" er noko ord. ;) Kannhenda "slitinn"? I alle høve er der ei årsak til bøyingi.

Sara sa...

Wow, utruleg kult at du veit slikt ^^ eg har jo skjønt at der er noko bak det, men likar berre å plukka frå kvarandre språket og legga merke til ting som ikkje eigentleg stemmer viss ein tenkjer heilt regelrett. Det underheld meg :)

I tillegg til at eg har sympati/empati med slike som foreldra mine, som slit med uregelrette ting i norsken. Det har nok mykje med at dei berre har lært bokmål å gjera.

L. sa...

sara, det hette jo uregelrett, kossen kan du da forvente at det ska ver regelrett??? eg like agt det ikkje e regelrett. Eg elske uregelrette verb... for de e som sjokolade...

Sara sa...

Nå forvirre du meg bare, lille deg :P

Anonym sa...

Sterke (uregelrette) gjerningsord (verb) er i røyndi dei gildaste å nytta. Eg likar serskild ganga og standa.

Sara sa...

Dei er morosame, ja ^^

Anonym sa...

Eg fann ut dette med kvi det heiter "små"; det er avdi det er "smár" på norrønt, men au "lítill". Dei tvo ordi hev vel vorte blanda.

Sara sa...

Åh! :D morosam detalj å halda på...