lørdag 27. september 2008

Ordfetisjist, men framandlending

Helene Uri er ordfetisjist. Det er eg òg. Eg elskar mange ord, til dømes vonbrot, duppeditt, klimpra, melodi, hjarte, lagnad, konsekvens, abstrakt, utopi, pluskvamperfektum (kunne gjort dette heile dagen!). På den andre sida er det somme ord eg hatar, til dømes bleie, skjød, og "tissue" på engelsk.

Men i det siste har eg merka at eg er framandlending. For der er nokre ord i det norske språket som eg høyrer stadig oftare, som eg rett og slett ikkje veit kva tyder. Eg kjem berre på to av dei no, men de får ei oppdatering dersom eg plutseleg hugsar fleire. *pustar inn* Orda "jamfør" og "føring". Eg veit ikkje kva dei tyder. Merkeleg nok inneheld båe orda "før". Hmmm.

Redd meg frå vankunna!

8 kommentarer:

L. sa...

å jamføre e å sammenlikne.

Og føring kan bety å ta ledelsen, men viss du tenke på "føring i tida" og sånne ting som blir brukt i kk så trur eg det betyr at det e grunnleggene forståelser og ideer i den tidsperioden det e snakk om som styre kossen individe oppfatte ting og handle. Men dette e eg ikkje heilt sikker på, det e bare noe eg e kommet fram t itte ein del undring og mye observering.

og viss du lure så ELSKE eg ordet kasseroller. Eg komme ikkje på flere nå, men eg vett at det e mangen ord eg like.

Sara sa...

Okay, men kossen bruke en det egentlig? Eg ser f.eks i tekster at det står jamfør bla bla bla. Ka meine de då?

Ahaaa... ja det make'e sense. Eg har bare hatt følelsen av at det va sånn ikkje-ord i KK'en. Sånn ord som egentlig bare betyr alt og ingenting. Men det hørres fornuftig ut det du seie :)

^^

Ragnhild sa...

Ord e gøy.
Eg like hjertevenn. Og molefonken.
=)

Sara sa...

Jaaa, det og e fine ord ^^

Anonym sa...

Så vidt eg har forstått det, er «jamfør» ei grautnorskifisering av «kryssreferer», som unekteleg høyrest litt meir tungvint ut.

Sara sa...

Hmm. Vanskeleg, dette her.

Anonym sa...

Jamfør er jo eit fint ord. Mykje betre enn kryssrefererer tykkjer no eg. Dessutan skal me ikkje nytta uttrykket grautnorsk om vårt eige mål!

Sara sa...

Du har eit poeng der! Og eg har ikkje noko imot ordet, bortsett frå at eg ikkje heilt veit korleis ein bruker det...