mandag 3. november 2008

Du skal ikkje fæle den svale nott...

Om eg hadde skrive dette innlegget igår eller tidlegare idag, hadde det sannsynlegvis vore fullt av klager. Men det er jo ikkje gøy.

Okay då, ein ting må eg klaga over. Idag kvittar me oss med parafinovnen :( hadde fotosjut igår, eit av bileta skal verta det nye profilbiletet mitt på fjesbokji, så eg aldri gløymer korleis parafinovnen såg ut. <3

Men frå NO av skal eg vera positiv!

No for tida les eg boka Buzz Aldrin av Johan Harstad. Eg les ikkje så fort, men eg har ikkje lese ei bok så fort som denne på lenge. Eg veit ikkje kva det er, men eg er heilt fortrylla. Trur kanskje det er forteljarmåten. Les boka! Seriøst. Færøyene vert aldri det same igjen :P (sjølv om eg aldri har vore der.)

Eg har oppdaga mykje fin musikk i det siste, det gjer meg glad. Særleg når eg gjenoppdagar musikk frå barndommen. Utruleg mykje av det som eigentleg er gløymt, kjem fram når ein høyrer gamle lydar. Eg skulle lika å ta meg fri ein lengre periode for å høyra på musikk, kjend og ukjend. Kanskje får eg det til ein gong.

På onsdag kjem eg til å stå opp tidleg for å sjå valresultatet. Er du med?

5 kommentarer:

Ragnhild sa...

Færøyene faktisk..hehe kult. Kanskje det va der du sko dratt i friåret ditt?;P
Eg e med på å stå opp tidlig for å sjå valgresultatene=D

Sara sa...

Eg trur ikkje det, det er visstnok akkurat som her, berre dårlegare vêr og ikkje eit einaste tre :P
Bra! :D

Anonym sa...

Parafinovnen?! Den pene gamle ovnen me varma beinå på når me hadde vært ute og lekt i hagen din? Koffår i alle dager e den borte? Ble den syk og døde?

- Sjasmin.

L. sa...

Johan Harstad e digg... eller bøkene han e hvertfall det. Eg har aldri ført ein smatale med selve personen så eg ska ikkje uttale meg om han. Men tøff t-skjorte, det har an.

eg ska prøva å stå opp tidlig, mne eg vett ikkje om eg orke det eller bør for eg har to framføringer den dagen<3

Sara sa...

Jasmin: ja, den ja! :( nei, faren min fant ut at han ville byta til noko meir miljøvenleg. Personleg meiner eg det er underordna sentimental verdi, men eg forstår likevel litt. Berre litt.

Lisabeth: yeah! Eg tykkjer han er digg, etter inntrykket eg fekk frå Kapittel. Gler meg allereie til å lesa Darlah - den må koma inn ganske tidleg på leselista no :) hmmm, nei då ville eg kanskje prioritert å sova. Men det er opp til kva du meiner er viktigst ;)