torsdag 20. november 2008

Snøballett

I dag fekk eg skyss heim (det vil seia til busshaldeplassen) frå kulturskulen. Medan eg gjekk heimover derfrå, falt det kvite krystallar ned frå himmelen og eg var pakka inn i ull og regntøy og av ein eller annan grunn kjende eg at eg var i ein musikal og berre måtte dansa. Så i ull og regntøy og med skulesekken på ryggen dansa eg i snøen, nedover dalen. Heile turen heimover var vals og piruettar og himmelhelsingar.

Eg var ganske andpusten då eg kom inn.

9 kommentarer:

Anonym sa...

So koselegt. :) Nett som på lìvande bilæte.

Eg elskar snjoen! Vonar berre kloteuppvermingi tek honom frå meg. Og når me (elder, i alle høve eg) talar um det, stend visst artsismen for 18% av CO2-utsleppi: http://www.naturalnews.com/022097.html

Anonym sa...

Ååh, snøballett, bare tittelen gjør meg gla<3 Hørtes utrolig herlig ut... Hadde ikkje alt vært så møye bedre hvis verden var ein musikal:0)

Ragnhild sa...

Utrolig søtt innlegg!=)Og du e søt! Ha ein fine helg, Sara:)

Forresten; fascinerande kodeord igjen! (fonall:P)

Sara sa...

Viktor: ^^
Vonar du "kloteuppvermingi" tek han frå deg, eller vonar du at ho ikkje gjer det? ;P mistenkjer trykkleif her! Hehe, det vil seia at det er bra å vera vegetarianar! Gåo øss!

Sunniva: ^^
Det hadde heilt klart vore mykje, mykje betre. Me får vel halda fram med å drøyma om det :)

Ragnhild: ^^ (ser de eit mønster? Hehe)
Ha ei flott helg du òg!
Hihi, det er bra ;D kodeord er fascinerande altså!

L. sa...

eg klare ennå ikkje å se din eksempelssmling... :/
men det hørres skoy ut å dansa i sneen:) Eg ser det for meg. Eg ser for meg at du tar noen av de kule hoppene dine og:)

Anonym sa...

Ja, eg gløymte at eg gjekk tom for ordet "ikkje" tidlegare. No hev eg fylt upp lagaret, so setningi vert slik:

"Vonar berre kloteuppvermingi ikkje tek honom frå meg."

Sara sa...

Lisabeth: Kanskje det tyder at eg er romantikar?
Hehe, det kan stemma at eg gjorde det :D mange store rørsler, som i ein musikal ^^

Viktor: Då er me samde ;)

L. sa...

det gjør det... men det e jo ikkje det som e eksempelsamling. Eksempelsamkling e jo ka tekster du har lest før og "herme" etter...

Sara sa...

Jo, men om eg er romantikar så treng eg ikkje herma. Eller? Æsj, dette er berre forvirrande.