lørdag 15. november 2008

Utfordring, juhu!

Stine har gitt meg ei morosam utfordring. 7 ting de kanskje ikkje visste om meg:

1) Eg er alltid litt smånervøs når eg søv i vanlege senger, for dei er så høge, og eg er redd for å falla gjennom senga til golvet. Dette er fordi mi eiga seng er "innebygd" i golvet. (De må nesten sjå det for å skjøna det.) På grunn av dette tykkjer eg det er betre å sova på golvet enn på toppen av ei køyeseng.

2) På ungdomsskulen vurderte eg å søkja om fritak frå sidemål (som då var nynorsk), for å ha ein mindre ting å læra. Husdyret gjorde det, nemleg.

3) Eg likar å ta bussen åleine. Det er herleg å berre sitja der og høyra på musikk eller på andre sine samtaler, eller berre tenkja. Det same gjeld sykling, og då kan eg i tillegg syngja ;)

4) Eg tykkjer det er kjempegøy å fylla ut skjema og spørjeundersøkjingar, men likar ikkje slike der eg må vera veldig samd, litt samd eller ikkje samd eller liknande. Og når eg må velja mellom fleire ting (kva likar du best av blablabla eller noko slikt) når eg eigentleg ville hatt med alle, så får eg litt panikk. Eg er altså ganske kresen på korleis spørsmåla/felta skal vera.

5) Då eg var lita, høyrte eg på kassettar då eg ikkje orka å vera med i samtaler. Det kunne vera barnemusikk, amerikansk patriotmusikk eller slike kassettar der du skulle tenkja deg ein framand planet eller eit sirkus eller noko, og teikna det. Etter kvart som eg oppdaga at eg ikkje var så flink til å teikna, så slutta eg å gjera det og berre høyrte på i staden. Då eg vart kristen, byrja eg å høyra på bibelsongar. Slik pugga eg alle bøkene i Bibelen, i rett rekkjefølgje. Det tok ikkje lang tid heller.

6) På barneskulen dikta eg opp ein kjærast (sjølve gutten var ekte :P). Eg har ofte tenkt at det hadde vore morosamt om me faktisk vart kjæraster seinare!

7) Eg drøymer om å syngja i eit gregoriansk kor, eller ei a cappella-gruppe. Kanskje båe deler!

No vil eg at Lisabeth, Ragnhild, Eva og Monique skal gjera dette. Og alle andre som har lyst.

13 kommentarer:

L. sa...

Konge detta sara:) Kem va fyren? og koffer i all verden dikta du opp at han va type din? Dette va meget interesant:)

Sara sa...

Haha :D eg var ung og dum. Eg seier ikkje her kven han er, men me har faktisk snakka om han (hysssj!)
Eg hadde eigentleg tenkt å spørja han om han ville vera saman med meg, og eg hadde fortalt det til veninna mi. Men så feiga eg ut, og ville ikkje at veninna skulle tenkja at eg var feig. Så ja :P haha, eg var berre teit...

L. sa...

så søtt:)

Knut Natskår Svihus sa...

Vett eg og kem det e??

Sara sa...

Kanskje, kanskje ikkje, kven veit?

Men det var ikkje meininga at akkurat det punktet skulle få heile merksemda.

Knut Natskår Svihus sa...

Altså eg må kommentere et punkt då, og det e at du ville søke fritak for sidemål åså e du blitt litt av ein målungdom! Koss e den historien?

Sara sa...

Hehe. Folk forandrar seg, veit du. Nei, eg var berre som alle andre, ville ha minst mogleg arbeid. Og eg kunne ingenting nynorsk den gongen. Eg likte det for så vidt, men merka at skulen ikkje akkurat konsentrerte seg om at me skulle læra det skikkeleg. Difor vurderte eg å prøva å koma meg ut av det. Men eg endte opp med grei karakter. Og nokre år seinare, då eg vart kjend med nokre morosame målfolk, då kan du seia at eg vart "frelst". =)

Ragnhild sa...

Haha;D Eg fekk nesten litt sjokk når eg leste det med med nynorsken! Og det punktet med fyren va jo utrolig søtt=)

Sara sa...

Hehe ^^ dette var eit kjekt innlegg, eg likar desse utfordringane! :D

Knut Natskår Svihus sa...

Hmm eg kjenne ein fyr som hette Knut, han like og utfordringer, men det e så trist ettersom ingen utfordre han...

Sara sa...

Eg har med dette utfordra deg. (Det står forresten i innlegget at alle som vil, kan gjera det.)

Anonym sa...

Eg skal gjera det om nokre dagar, når eg har ordna opp i eit par ting... Eg tørr ikkje skriva på bloggen min når eg er sint ;p

Sara sa...

Entendu :)