mandag 1. desember 2008

Eg kjem ikkje til å skriva eit blogginnlegg kvar dag i adventen.

Og det er kanskje like greitt for dykk. Men akkurat i dag vil eg skriva eit litt seint Thanksgiving-innlegg. Sidan eg er amerikansk av opphav, har eg lov til det. På sjølve dagen sat eg forresten og skreiv på særemnet, men eg fekk gresskarpai, då =)

Eg er takksam for:

Gud (okei, to innlegg på rad kor eg nemner Gud, diil vitt itt)
familien min (ja, faktisk! Men dei irriterer meg grenselaust.)
venene mine (sans eux je serais perdue)
at eg bur i Noreg (og ikkje til dømes USA. Det er eit greitt land, det òg, altså. Men Noreg er mykje tryggare. Pluss at eg då sannsynlegvis ville vore einspråkleg.)
skulen min (med flinke lærarar og høge krav - eg har godt av det)
helsa mi (som faktisk er ganske grei, trass i at eg ofte trur ho ikkje er det)
musikk, litteratur, kunst og dei (som kan formidla kjenslene mine betre enn eg sjølv kan)
mat (som held meg levande og ofte gir meg mykje glede, til dømes når eg er i Paris)
blogglesarane mine (som held bloggen min i gang. Heilt sant!)
at eg er singel (det hadde de ikkje trudd! Ikkje at eg hadde hatt noko imot å ha ein kjærast, men på denne måten er eg jo fri til å flørta med kven eg vil.)
at særemnet er over (de aner ikkje kor letta eg er. Seriøst.)
at det finst ein julekalender på norsk fjernsyn som har min type humor (då meiner eg ikkje Blåfjell. Tipp tri gonger.)
[prøver igjen, lagt til 3. desember] nynorsken (me har endeleg funne kvarandre og det er ein livslang kjærleik.)

No har eg forventningar om at ein periode med mykje glede og tid til dei eg er glad i skal byrja. (Innfløkt setning.) God advent, alle saman!

6 kommentarer:

Anonym sa...

1, 2, og 3: The julekalender? ;) Eg kann au vera takksam for det.

Eg er forresten au glad du bur i Noreg. :)

Koselegt å lesa, og å lesa meir avancert fransk enn "Bonjour, je m'appelle 'quelque nom'. Ça va?"

Sara sa...

Hehehe, rett! :D elskar det!!

Aw ^^ takk!

Hehehe (igjen) :) det er litt kjekt å skriva litt avansert òg, om enn berre ei setning :P

Anonym sa...

Er du ikkje takksam for nynorsken?!

Pablo

Sara sa...

Jo, sjølvsagt! :O no står det her :)

Anonym sa...

Eg ser ikkje nynorsken!

MEN: So det store spursmålet. Alle me lesarar som veldig sjeldan/aldri kjem med innspel då, -- held /me/ bloggen i live? Eg ser jo at det er utruleg mange fleire som leser bloggen min enn dei som kommenterer. Det er ganske frustrerande å sjå at det er so utruleg mange, men ikkje vita kven dei er.

Sara sa...

Oi då. Skal retta på det.

Heilt sant, eg vert òg utruleg forviten av slikt! Men ja, eg vil seia at både dei trufaste kommentatorane (:P) og dei som kommenterer av og til og dei som berre les er med på at eg gidd å gjera dette. =)