onsdag 10. desember 2008

Tida har slutta å vera fienden min for ei stund.

Idag har eg hatt eit nært og traumatisk møte med fortauet. Konsekvensen av det var at eg fekk ein kopp med Twinings Organic Tea då eg kom heim. Noko godt kjem alltid av noko vondt ^^

Har endeleg gjort meg ferdig med boka "Eat, pray, love", som er mykje betre enn ho høyrest ut. Ei kvinne reiser til Italia for å finna "pleasure", India for "devotion" og Indonesia for balanse. (Eg slit med å finna gode norske ord, som de ser.) Eg er inspirert til å gjera noko lignande, ein vakker dag.

Lesedagar er fine. Særleg når ein ikkje heilt veit kva ein skal lesa på, og difor nyttar tida til kjekke ting. Og eg elskar å ha god tid til frukosten. Låt det aldrig ta slut.

12 kommentarer:

Ragnhild sa...

Lesedager e herlige;D
Og snart har me ferie=)

Sara sa...

Jaaaa :D

Knut Natskår Svihus sa...

Eg forstår ikje overskriften din:P Koffer har tiden våre ein fiende?

Sara sa...

Fordi det ikkje har vore nok tid!

L. sa...

Jaaaaaa:) Lese dager heilt t juleferien, og jula varer helt til påske:D

Sara sa...

Hihi ^^ ooh, i dag er det to veker til jul! :D:D:D

Anonym sa...

'Pleasure' kann vera gleda, elder kannhenda lukka, og 'devotion' kann vera uppofring, trur eg.

Kva hende med deg og fortauet?

Anonym sa...

Eg elskar den boki. Las han fyrr han kom til Norìgs land. Sers godt. Ei bok for meg.

Sara sa...

Viktor: Hmm, dei orda har berre ikkje same "umf" som dei engelske. Så det får stå som det står...
Eg sklei og datt på rumpa. Skada halebeinet :S

Odin: Kult ^^ ho overraska meg litt, det må eg seia =)

Anonym sa...

Å! Den boka har eg høyrt ein heil del om! Eg har hatt lyst til å lesa henne lenge, men berre ikkje gjort det.

Veit kva eg skal i jula, jaffal(:



Og, mmm, te og lesedagar er bra(:

Sara sa...

Det bør du gjera :)

Jess ^^

Anonym sa...

Kildeskatt, znany również jako podatek u źródła, jest ważnym aspektem dla zagranicznych pracowników i inwestorów w Norwegii. Aby dowiedzieć się więcej o tym, jak jest naliczany i kiedy można ubiegać się o zwolnienie, strona Kildeskatt oferuje szczegółowe informacje, które są niezbędne do zrozumienia tego elementu norweskiego systemu podatkowego.