torsdag 22. januar 2009

Ting endrar seg, og eg byrjar verta klar for det.

Endeleg har eg søkt på 4 folkehøgskuler. Det vart Manger, Hardanger (rim!), Sagavoll og Fosen. Om eg kjem inn på alle, trur eg at eg vel Manger. Men det får eg sjå. Har berre nyleg fått ein litt meir interessant grunn til å velja ein skule som er lett å reisa heim frå (og til Oslo, men det er noko anna). Det er mykje å tenkja gjennom. Men det er kjekt.

De har sikkert skjøna at eg har "någe på gang", som det heiter her i området. (De får berre tilgje meg for at det stort sett er det einaste eg snakkar om. Eg må jo det!) Det er difor eg har vore så glad i det siste, og det er difor dagane går så seint.

Så har eg bestemt meg for at de skal få sjå filosofibloggen min. Berre for gøy. Om de er interesserte, då.

Og forresten, yay for Obama! Eg feira med vaniljeis med Bailey's. Prøv det, seriøst.

Ser dykk (somme av dykk, iallfall) i Telemark! God helg =)

10 kommentarer:

Víkþórr sa...

Eg er glad Bush ikkje er sjefen lengre, men eg hev ikkje so stor tru på Obama at eg vil satsa pengar på honom, for å segja det slik. Hugs at han er vald av dei same som valde Bush - tvo gonger!

Du må gjerne segja at han trass alt er betre enn McCain, som eg jo er samd i, men so lenge han ikkje reddar verdi, tykkjer eg ikkje det hjelper.

Me sest på vetterlægret!

Knut Natskår Svihus sa...

Ikje unnskyld deg! Me e sikkert veldig nysgjerrige alle samen på det du har å fortelle oss på den fronten! Eg tenkte meg at plan Q vil lykkes altså, eg bare visste det! Så har du lyst å greie ut om dette?

Sara sa...

Okei, men USA har endra seg ganske mykje sidan Bush vart vald. Av alle kandidatane er eg superduperglad for at Obama vann. _Eg_ har iallfall tru på han. Ingen person kan redda verda åleine, så eg tykkjer ikkje me skal krevja det av han heller. Men han kjem til å gjera situasjonen betre, det er eg _heilt_ sikker på.

Sara sa...

(Det var til Victor, her kjem svar til Knut)

Kjekt å høyra :D hehe, veit ikkje kor mykje eg skal publisera på ein offentleg blogg sånn med det same... Men det kjem nok ;)

Knut Natskår Svihus sa...

Hmmm sant det, e egentlig ganske mye som ikje egne seg for offentlige blogger altså:P Ganske mange som faktisk lese de og. Menne eg vente veldig i spenning og dersom det krible altfor mye så må du bare sende ein melding på gs eller andre plasser:P

Sara sa...

Nettopp.
Ja, det kan eg! Logg på, om du ikkje alt er på ^^

Víkþórr sa...

< pirk >No heiter eg ikkje Victor i folkeregistret eingong. Det er Víkþórr no.< /pirk >

Eg vilde no helder havt ein grøn president.

Ingen kann redda verdi åleine, men presidenten i USA er ein av dei som kann gjera mest, for ikkje å nemna få andre til å gjera det same.

Eg trur ikkje det held å gjera ting betre. Dei lyt gjerast bra. Um ting vert betre hjelper ikkje når verdi er nært på daudsdømd.

Eg høyrest so sur ut ... Men det skal segjast at han visstnog hev sett saman ei god regjering, sånn sét med miljøbrillor. Eg tvikar jamvel litt på at ho er god nog.

Eg vert meir og meir usamd med honom og the Democratic Party, serskildt når det gjeld krig og «bailouts».

Ragnhild sa...

Å så kjekt, Sara!:) Eg blir så glad når eg lese innleggå dine, og ikkje minst når eg ser at du smile glad =)
Ha ei fine helg, hvis eg ikkje ser deg på skulen i mårå;D

Sara sa...

"Svevn": Greitt, greitt. Då får eg kalla deg "svevn" skriftleg, då :P

Våkn opp! Ein grøn president kjem ikkje til å verta vald på LENGE.

Det kjem aldri til å vera bra nok. Ikkje ver så negativ!

Ragnhild: :D
God helg du òg! Eg skal til Telemark i morgon, så me sest neste veke =)

Víkþórr sa...

Eg veit at det er lite trulegt.

Jamvel, eg kjenner det som at same kva bra the Democratic Party hev tenkt å gjera, er verdi jamvel utan redning. USA er det landet som kann gjera mest for å redda hana, og nett det tvikar eg på at DP gjer noko med.

Men eg vonar du hev rett, og at Obama gjer store ting.