lørdag 21. mars 2009

Så mykje rart kan skje på ein fredagskveld

Eg likar:

- Jakob Håkon Band når dei tar av
- Tou Scene, eit utruleg kult bygg som har masse bra konsertar - eg skulle ha gått der meir
- hyggelege middelaldrande damer som bur i Frankrike og som vert "øvejidde" når teite ting skjer og som pratar på veg heim frå busshaldeplassen
- å få post av NMU, det er heilt annleis enn å få post frå andre organisasjonar, fordi eg faktisk kjenner dei som har skrive breva og lagt dei oppi konvoluttane

Eg likar ikkje:

- fulle folk, særleg unge jenter som ikkje greier å røra på seg
- at tyveri er ein så stor risiko på fullstappa konsertar
- stygge bussjåførar som berre køyrer vekk frå uskuldige folk som er ein tur i minibanken fordi sjåføren er vanskeleg og ikkje lar dei betala med reisekonto
- at folk er pålogga på msn og ikkje svarer når ein sender melding
- å nesten innsjå at eit prosjekt er nesten håplaust, men likevel prøva å halda motet oppe i tilfelle det går bra likevel, fordi det isåfall hadde vore så sjukt verdt det

Dette er iallfall heilt sikkert: Eg må gjera alt eg kan for at resten av denne helga skal vera dritbra. Elles kjem eg til å tenkja for mykje, og det er ikkje bra for meg.

EDIT: Ærleg talt, eg er så jente. *slår seg i panna*

3 kommentarer:

L. sa...

Eg like at du e jenta eg ^^

Kjeme du t Marie i dag? Det blir bra? :)

Og hu franske dama hørres gøyal ut ^^

Anonym sa...

Eg gjer matte. Men treng du ha tak i meg til eit eller anna, som til dømes gløyma det du ikkje skal tenkja på, så ring. Eg vert alltid glad for ein grunn for å sleppja frå kalkulatoren min.

Sara sa...

Lisabeth: Det gjer eigentleg eg òg, der er mykje gøy som ikkje hadde skjedd om eg ikkje var jente :) men du veit kva eg meiner...

Eg har lyst, men må sjå kor langt eg kjem med Fuglane. Skal springa og lesa no snart.

Ho var ikkje fransk, men ja ^^

Eva: Hehe, takk for det, men det er ikkje eit problem lenger :) lukke til med matten!