torsdag 16. april 2009

Borte bra, men ikkje overalt

Eg kom heim frå USA på tysdag. Men no skal eg hoppa litt bakover i tid.

Resten av tida hjå fæmlien på mor si side var sjølvsagt fantastisk. Så reiste me sørover på torsdag. Til T.O. (Thousand Oaks). Urk. Var det ikkje for at farmor bur der, skulle eg vera glad for å sleppa å reisa der att. De kan lesa litt om byen på vikkipedia, om de vil. T.O. ligg såpass nærme Los Angeles at ein kjenner det. Ein kjenner liksom dei ekle sidene av det amerikanske, og kjem ikkje vekk frå det. I tillegg er det der den andre fæmlien bur, altså dei på far si side. Ikkje misforstå, eg er glad i dei. Men dei er liksom ikkje fullt så enkle å få kontakt med som dei andre. Dei er noko for seg sjølve.

Men farmor er dritkul. Ho er 88 år gamal, trur eg. Ho har flytta ut av huset sitt og inn i ein slags gamleheim, berre mykje finare. Der får ho litt hjelp, men greier seg eigentleg utruleg bra sjølv. Så er ho 100% tilstades, og både hugsar og høyrer perfekt. Den eigentlege grunnen til at me reiste til USA, var for å rydda ut av huset. Altså måtte alle tinga hennar fordelast! Godt at det finst villige søner og barnebarn. (Resultatet av dette får de sjå i neste innlegg.) Me fant alt frå gamle bilete til klede til kjøkkenutstyr til far min sine lekser frå vidaregåande. Gøy! Og med alt dette fekk me plutseleg mykje meir å snakka med farmor om.

Nedturen kom på reisa heim. Eg greidde nemleg å verta forkjøla eit par dagar før. Kjære lesar, dersom du kan unngå det, ikkje fly når du er forkjøla. Eg fekk liksom all smerta i verda lagt saman inn i øyra mine. Ao då, tenkjer du kanskje. Ao då kan ein tenkja når ein snublar og dett på rumpa. Stol på meg, dette vil du ikkje oppleva.

Men okei. No er eg heime og trur kanskje at eg sånn cirka har sove ut. Kanskje greier eg å gå på skulen i morgon, kanskje ikkje.

Kva gjer du når du er sjuk? Eg drikk te og ser teve (o.k.s. fjernsyn). Litt keisamt i lengden.

5 kommentarer:

Tove sa...

oo.. Det er super kjekt å se på gamle ting :) men uff det hørtes skikkelig vondt ut, og det er jo sjukt langt på flyet fra USA og hjem til Norge....

når jeg er syk, så sitter jeg i sofaen, ser på CSI, Simpsons og teite spørreprogram hvor du kan ringe inn og vinne 50 000 kr.. selv om jeg aldri ringer inn, så er det moro å se hvor fort jeg fatter oppgaven... :D
og så drikker jeg grønn eller hvit te, og spiser havregryn m. melk :)

Anne sa...

Off fyyy. Been there, done that! D me øresmerten altså. Versta eg har vært me på i mitt liv! I feel your pain. Truly, I do.

Sara sa...

Tove: Ja, men eg hadde ikkje vondt heile turen då. Berre på veg nedover, det har noko med endringa i -- ehm -- altitude'en. (Hugsar ikkje det norske ordet no :P)
Hehe, det høyrtest bra ut ^^

Anne: Huff. *ristar på hovudet* litt morosamt, i mailen eg fekk om kommentaren din, så sto det at "this message may be dangerous"xD

Knut Natskår Svihus sa...

Det e såå kos å snakke med besteforeldre om ting og tang fra gammalt av, i hvert fall dersom du finne ting som minne om gamle dager!

Det e vel bare på oppstigning og nedstigning du kjenne smertene? Eg pleie å se på ein god film i sengen samtidig som eg drikke ein god varm kopp te. Sjokolade passe veldig godt til sykdom! Gode filmer: Brokeback Mountain(smelte kver gang eg ser den), Fabelaktige Amelie fra Montmartre og Ensemble, c'est tout. Muligens og The Freedom Writers(selv om den e litt sånn fjortis på ein litt annerledes måte...) God bedring!

Sara sa...

Knut: ja, det er noko av det koseligaste som finst ^^ synd at ho bur så langt vekke...
Jo, det var mest på "nedstigning" det var vondt, heldigvis.
Ååå :) elskar dei 3 fyrste filmane du nemnte, har ikkje sett den siste.
Takk :)