tirsdag 5. mai 2009

Filosofi over ein is

Så, eg hadde eigentleg tenkt å venta med å skriva eit nytt innlegg til eg gadd å ta bilete av tinga eg ville visa dykk, men så fann eg ut at eg eigentleg ikkje kom til å gidda på ei stund, så eg droppar det førebels. Vil heller dela litt andre ting.

Har du tenkt på korleis sansane av og til kan overkøyra kvarandre? Sånn til det positive? Det tenkte eg på idag. Når du til dømes sit på ein dobbeldekkarbuss og ser eit dådyr (midt i byen), tenkjer du ikkje på kor bråkete det er der inne. Når du et ein skikkeleg god is med pære- og jordbærsmak, tenkjer du ikkje på kor kaldt det er å halda isen. Når du vandrar i Oslo og pratar med ein hyggeleg NMU'ar om målfolk og festing, tenkjer du ikkje på det vonde gnagsåret på høgrefoten. Når du får masse klemmar og fine ord før du drar frå ein fest, kan det tilmed vera litt mindre stress å sitja på det nattoget og gå på skulen etterpå.

Men somme ting lar seg ikkje overkøyra, iallfall ikkje med ein gong.

Tidevatn går opp og ned
Uendeleg i alt slags ver

5 kommentarer:

L. sa...

Rådyr i byen?

Sara sa...

Dådyr. Trur eg. Kan ikkje heilt skilnaden :P men ja! Ikkje heilt midt i byen, då, nærare sjukehuset.

Ragnhild sa...

Det va eit fint innlegg:) Og den isen hørtes god ud. E den ny?

Eva sa...

Ja, den isen er kjempegod. Eg og åt han i Oslo :)

Sara sa...

Ragnhild: takk :) ja, det var iallfall fyrste gong eg såg han, så måtte berre prøva han :)

Eva: kult samantreff ^^

Eg åt forresten to isar igår. Den andre delte eg med Jasmin og Sunniva og var òg skamgod. Det var Ben&Jerry's Bohemian Raspberry. Så no har de som gidd å lesa kommentarar fått eit bra tips ;)