lørdag 23. mai 2009

Kosmos og kaos

På piknik på torsdag måtte eg vera ærleg med meg sjølv. Rommet mitt, skulearbeidet mitt og kanskje tilmed hovudet mitt er i ein kaotisk tilstand. Kvifor er eg då så roleg? Eg er aleine heime, har masse tid og plass til å rydda opp i alt, og kva vel eg å gjera? Sjå Ugly Betty. Syngja. Skriva brev. Planleggja ei bursdagsgåve. Fleire, faktisk. Og ikkje minst å bruka litt meir tid på å eta og lesa aviser. Er det noko gale med det, då?

Nei, no er slutten så nær at eg treng å ikkje gidda å stressa (rar setning, men likevel). Det har eg gjort lenge nok. Snart er skuleåret over - snart er vidaregåande skule over - så der er ikkje så mykje meir å stressa over. Eksamen er der jo, men altså. Det eg ikkje har lært no, vert eg ikkje ekspert på før eksamen. Så eg får ta det som det kjem heller.

Tykkjer det er passande å ha Stine (som kitlar meg på magen) på film-og-is-besøk to dagar før skriftleg eksamen, eg. Kvifor i all verda ikkje.

4 kommentarer:

Eva sa...

:) Eg er framleis sjuk, eg klarte å få halsbrann i tillegg til den fyrste luftvegsgreia som eg fekk av å sova ute. Men no vert eg betre, og eg har verdas beste medisin: Koselege meldingar, lange msn-samtalar og verdas lengste epost som plutseleg berre dumpa ned i postkassa mi. Jo, det går bra, det kan til og med koma til å gå veldig bra

Sara sa...

Godt å høyra! Om det eine, då. Får håpa sjukdommen går over snart. Men uansett - du fortener verkeleg å vera litt lukkeleg no :)

Anonym sa...

Ja, koffår i all verden ikkje? Eg har hatt omtrent den samme filosofien i forhold te mine eksamener, og det gjekk heilt fint :)

Nå mangle eg bare norskeksamen, og eg e fornøyd med ka eg har prestert te nå. Carpe diem & de.

-Jasmin

Sara sa...

:) bra at filosofien har funka!