fredag 13. november 2009

Nøff, nøff.

Det var visst ikkje nok å vera småsjuk ein dag i... var det oktober? Eg måtte sjølvsagt gjennom novemberdepresjonen i år òg. Og novemberdepresjonen anno 2009 har namnet "H1N1". Det heile byrja på tysdag, og er slutt i morgon, om Gud og husmor vil. Optimistisk som eg er (eller prøver å vera), så har eg funne små lyspunkt midt oppi den mørkaste keisemda. Til dømes har eg fått to pakkar i posten - eller, berre den eine førebels, men eg veit iallfall at ein til ventar på meg. Eg har òg fått kort og snop frå ein hemmeleg ven i danseklassen, og meir snop frå Julie. Folk frå etasjen har etter kvart måltid kome inn med mat til meg og frøken romkamerat. Ingeborg og Lisabeth har sendt meg fine meldingar som har fått meg til å smila. Frøken romkamerat og eg har ledd mykje, av ingenting. (Det er viktig å le, hugs det om du får nøffesjuka!) Så takk til alle hyggelege menneske som har holdt magen min og smilebandet mitt litt i form.

I tillegg har eg fått lese meir på desse dagane enn på fleire månader. Og eg har vorte venn med surfthechannel att. Og eg har høyrt meir på dei gode venene mine (Greg, James, Carole, hugsar du dei?). Og eg har sove. Og sove. Og sove.

Forresten. Der er ein song som har alltid ein litt terapeutisk effekt på meg når eg er sjuk (litt som ein kopp kamillete), fordi faren min pleide setja han på når eg var sjuk før. Det er "Say a little prayer" av min gode ven Greg Brown. Høyr songen, og så høyrer du på Aretha Franklin. Det funkar!

2 kommentarer:

L. sa...

Eg ELSKAR say a little pprayr. ^^
Det kjem ein gåve til eg må berre få sendt an av gårde først :P og no muligens legge med eit langt brev kor eg seier alt det eg vil seia t deg men som eg ikkje får før eg kjem på \vitjing. :)
Eg treng deg Sara. Du må ver min foornuft og styrke. Du vert liksom ikkje lei slik som alle andre... og det er eg hjarteleg takksamm for. Voonr du vert friskk i natt. Nuss på kinnet. <3

Sara sa...

Aw, Lisabeth... Me treng ein msn-date. Håpar me får snakka i dag. Glad i deg <3