mandag 25. januar 2010

Det er viktig med kos og tull.

Er det noko eg verkeleg har lært meg her på Sagavoll, så er det at det er superviktig med kos og tull. Dei heng ofte saman. Her lærer me kverandre nye ting, me lagar mat saman, me trenar saman, me høyrer musikk og strikkar saman, me ler av god og dårleg humor, me legg på oss, me arrangerer kveldar med ulike tema, me har rollespel...

Neste år veit eg at eg vil få mykje mindre fritid. Studia, matlaging og ein eventuell deltidsjobb matlaging kjem til å ta opp eit vesentleg kakestykke av tidskaka. Likevel håpar eg at eg kan klara å halda fram med dei gode vanane for kos og tull som eg har lært meg her. Eg ser for meg avspenningsmodul på søndagar, strikking medan eg ser kveldsnytt og utover kvelden, dans i trappa når eg er tidleg ute til førelesinga, klimpring på ukulelen medan eg ventar på klesvasken eller at maten skal koka... Det treng ikkje vera store tiltak for at det skal minna om folkehøgskulelivet. Dei små tiltaka er det som utgjer sjølve livet, trur eg.

P.S. Sjå dansebloggen ...

3 kommentarer:

Ragnhild sa...

Weee, likar innstillingen din ;D Gler meg til folkehøgskule no!

Sara sa...

Ja, det må du berre :D Snart får du vel svar, er det 1. februar som gjeld i år òg?

Ragnhild sa...

Jepp, stemmer det ;)