fredag 8. januar 2010

Ein superfin bursdag

Wow, bra bloggevane på gang her!

Ja, så eg har nettopp hatt bursdag tusen takk. Det var utruleg fint å ha bursdag på Sagavoll, for her får ein uhyre mange gratulasjonar og klemmar i løpet av dagen, og dei syng bursdagssongen ved middagen, og ein får ikkje så mange gåver men det gjer ikkje noko for ein får mykje godt å eta og dei arrangerer tilmed fest med kake og skitpreik (i positiv tyding). Og så vert eg sjukt rørt fordi dei seier så mykje fint og eg får vondt i kinna av å smila så mykje, men eg kan ikkje slutta heller, så eg får heller skjelvingar i kinna og tårer i augo og vert stappa full av kake og kjærleik.

Så fekk eg ikkje det eg ønskte meg aller mest, men veit du kva. Det kan eg faktisk jobba for dei neste fire månadene. Og om det ikkje går då heller, så er me jo ferdige, så det er ikkje så farleg. (Men det hadde vore... du veit. Fantastisk, eller noko.)

Takk for ein glitrande dag.

2 kommentarer:

Ragnhild sa...

Å, høyres ut som du hadde ein fantastisk bursdag! Og kjekt at du har blogga mykje i det siste ;)

Sara sa...

Det hadde eg :D
Bra, då skal eg prøva å halda fram med det :)