torsdag 16. september 2010

Kyrkja på onsdag

Denne helga er det Taizé-treff i Oslo. Det har eg ikkje meldt meg på, fordi det kostar pengar og eg veit cirka ingenting om det. Men i går var eg på kveldsbøn i domkyrkjekapellet, i samband med dette arrangementet. Dei har møte kvar kveld på førehand, som alle kan koma på, og eg hadde ein kortvarig draum om å gå kvar kveld for å gjera opp for at eg ikkje har gjort noko kristeleg sidan... vel, sidan Skjærgårds. Men eg fekk ikkje til å gå før i går (det er ikkje tid til noko som helst for tida).

Eg trur eg var førebudd på heilt "feil" ting. Kanskje hadde eg sett for meg ein roleg gudsteneste med ein del folk der ein kunne delta eller ikkje delta og det ikkje hadde så mykje å seia. Roleg var det, men resten var ikkje heilt som eg trudde. Det var eit ganske lite rom, og få folk. Etter kvart satte dei fleste seg ned på eit golvteppe, og somme brukte ein liten krakk til å knela på. Eg kjente at det var ein type ting eg kunne gjort om eg var der med folk eg kjente, eller om det hadde vore ein større folkemengde å gøyma seg i, og litt betre plass. (Fekk forøvrig inntrykk av at alle der kjente kvarandre.) Så eg sette meg på ein stol, og følgde med.

Etter nokre minutt byrja ein av dei som sat der, å syngja. Det var ingen som sto foran og leia, ingen prest eller noko. Men ein fyr blant desse menneska byrja å syngja. Han hadde ein utruleg djup og klar røyst. Dei andre hang seg på, og plutseleg var songen fleirstemd og det var akkurat som desse menneska var eit kor.

Eg sat gjennom heile bønesamlinga, som besto av songar på norsk, engelsk, fransk, tysk og latin, og lytta.

No er eg litt usikker på om eg kan kalla dette ei religiøs oppleving. Sjølv hadde eg inga kjensle av kommunikasjon med Gud (men det plar eg heller ikkje ha), og det var jo ei gruppe menneske eg sat og lytta til. Men vakkert var det. Og eg kan kanskje ha gått derfrå litt inspirert.

1 kommentar:

Ne-kee sa...

Taize-sanger e heilt nydelige :)