lørdag 25. september 2010

Om eit lite menneske

Ein gong på ettermiddagen i går gjekk eg på t-banen og sette meg overfor ein liten gut på kanskje 3-4 år. Umiddelbart såg det ut som han sat åleine, men så såg eg ei lita gruppe med ungar og to unge vaksne litt lenger unna som eg tippa han eigentleg var i lag med. Men så sat han likevel der litt for seg sjølv. Dette lille mennesket såg på meg fleire gongar i løpet av den korte turen, med sånne forsiktige blikk og halvsmil. Ein annan av ungane sat og sa "Neste stasjon, Berg" osb for kvar stasjon før høyttalardama sa det, og kvar gong syntest eg at eg såg guten foran meg himla med augo. Gjer små ungar slikt? Kan henda eg berre innbilte meg det. Uansett. Då me kom til Ullevål stadion skulle tydelegvis desse ungane av. Ho eine vaksne sa til guten at han måtte koma. Han byrja å reisa seg og støtta seg på knea mine for å koma seg opp. Akkurat som det var den mest logiske måten å gjera det på. Ho vaksne såg på meg som om ho ville seia "unnskuld", eller noko. Eg kjente at det var veldig vanskeleg å formidla "ingenting å unnskulda for, eg elskar når ungar støttar seg på knea mine, dessutan må han vel få gjera slikt om han vil" med ansiktet, så eg ga ho heller eit halvsmil av liknande slag som det eg hadde fått av den lille tassen eit par minutt tidlegare. Han gjekk av t-banen før eg rakk å tenkja å, eg vil gi dette magiske lille mennesket ein klem.

Seinare same dagen møtte eg ein flokk med bråkete og plagsame ungar og skjøna ingenting.

1 kommentar:

L. sa...

Hjartesukk <3 (eit fint og godt eit, ikkje eit ondt og trist eit)