lørdag 20. august 2011

Eg elskar fadderungane mine.

Dei siste dagane har eg stort sett tilbrakt saman med ein gjeng lingvistikkspirer. To av dei er, som meg, andreårsstudentar og fadderar. 12 av dei er fadderungar og fantastiske. Det er INGEN i faddergruppa eg ikkje diggar. Dei er rebelske, sjølvsikre, heite, søte, hilariøse, sta, entusiastiske, mystiske, nerdete, uforutsigbare, diggbare og dritrare. My kind of gang.

Med desse folka kan eg diskutera språkpolitikk, høyra på jazz, klaga på dårleg vin, dansa (om enn litt nølande), synga med på songar me eigentleg ikkje likar at me likar, spela kortspel ingen kan reglane for, stå lenge i kø og aldri tenkja at det er keisamt, ta følge heim og bli forholdsvis edru på vegen...

Går det an å vera fadder neste år òg? :P

1 kommentar:

Tove sa...

Kjekt å høyra at du har det bra. Heledige deg. Me har 3 faddere som ikkje egentlig bryr seg så mykkje om oss, og spør ikkje om me kjem på festane eller fortel oss vegen. Dei har betre ting å gjera. Men heldigvis har eg veldig bra klassekamerater :D