fredag 30. september 2011

Reisesjuka, opplevingssjuka og kjærleikssjuka

Om eit år er eg truleg og vonaleg i Brasil. Eg veit ikkje kor i landet, eller kor lenge eg blir der, eller kva eg skal finna på der. Alt eg veit er at eg skal til Brasil og gjera noko kult.

Ei stund trudde eg hovudgrunnen til at eg ville til Brasil var reisesjuka. Det vil seia at eg alltid er litt "annige" på å flytta på meg og sjå nye plassar og starta litt på nytt. Å ha heilt blanke ark idet eg blir kjend med nye folk er noko som appellerer til meg. Dei eg møter i Brasil treng ikkje vita korleis eg levde i Noreg. Dei treng ikkje vita om fortida mi og om kven eg var før. Så eg har kanskje litt reisesjuka sånn inherent.

Men eigentleg, no når eg har budd i Oslo i eit år, blir eg berre meir og meir glad i byen. Når eg høyrer songar om Oslo eller ser ein plass eg kjenner att på tv eller film, føler eg at dette er byen min, her er eg. Iblant minner eg meg sjølv på at Sara, du bur i hovudstaden. Om det er lenge nok sidan sist eg tenkte over det, kjenst det nesten like merkeleg som dei første dagane på Kringsjå. Samtidig er eg blitt så godt kjend og komfortabel her og eg har laga meg eit liv her og kvardagen min er her og dei eg er glad i er i stor grad her. Eg trivest, og det er ikkje berre noko eg seier til damene som klyp meg i kinna i kyrkja når eg er heime på ferie.

Så det er nok ikkje det at eg vil vekk herfrå som driv meg.

Steg to er at eg trur eg vil til Brasil fordi eg så lenge har tenkt at der kjem eg til å oppleva ting. Eg opplever ting i Oslo stadig vekk, då. Det skjer alltid masse spanande her. Men eg har aldri budd utanfor Noreg. Eg har aldri hatt advent om sommaren eller påske om hausten. Eg har aldri budd ein stad der dei ikkje snakkar førstespråka mine. Eg har aldri vore heilt tvungen til å finna meg eit heilt nytt sosialt nettverk. Eg har aldri vore i kjempepinlege situasjonar på grunn av kulturelle misforståingar. Altså, eg anar ikkje kva det er eg kjem til å oppleva i Brasil, men eg veit eg kjem til å oppleva ting og eg veit eg kjem til å skriva kjenslelada brev heim og eg veit eg kjem til å ha det fantastisk bra og forferdeleg kjipt og alt det andre som går an. Faktisk trur eg ikkje eg byggjer opp urealistiske forventningar no. Dette kjem til å vera noko heilt nytt.

Kanskje det rett og slett er opplevingssjuka som driv meg.

I mellomtida har eg alltid det litt større problemet: Kjærleikssjuka. Det er nokså lett å lata som ein tykkjer det er heilt greitt å vera aleine, men ærleg tala, denne lengta etter ekte nærleik er ein kronisk plage. Så på den eine sida vil eg bli her i tilfelle noko av det som ikkje gjekk så bra går bra likevel. På den andre sida vil eg, og trur eg stundom at eg bør, starta på nytt og vera sterk aleine. Men kva skjer om eg forelskar meg rett før eg reiser? Eller om eg forelskar meg i ein brasilianar? Eller eller eller. Det er så mykje som kan skje og så mange ting ein kan uroa seg for når ein har denne "fatale sjukdomen".

Eg trur allereie det kjem til å bli veldig vanskeleg å reisa. Men eg må.

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Åh, fantastisk! Go for it, Sara :D