søndag 25. mai 2008

Fransk skriftleg = svevn

Det har vore ei innhaldsrik helg, men eg trur ikkje eg skal skriva om kva eg har gjort / kva som har skjedd. Skuffande? Get over it.

Eg har ei utfordring til dykk alle saman: Kvifor bør eg / bør eg ikkje byta statsborgarskap? - kommentér!

Det er merkeleg å ha så mykje fri. Eg veit ikkje heilt kva eg skal gjera med tida. Der er mykje fornuftig eg kunne gjort, til dømes førebu meg til eksamen, trena, lesa. And yet. Denne veka vil eg gjera ting eg trudde eg aldri skulle få tid til. Så de må slå meg i hovudet med noko hardt viss eg sit heime for lenge.

8 kommentarer:

Anonym sa...

føremoner og ulemper ved å byta statsborgarskap:

for:
- du får røysterett ved stortingsval (litt usikker på denne)
- føremoner med tanke på velferdstilbod som helsestell, utdanning og slikt? anar ikkje
- sjansen for at du vert myrda av terroristar minkar drastisk

imot:
- du mister røysterett ved amerikanske val, som arguably kanskje er litt viktigare dersom det er å redda verda du er ute etter
- det er urimeleg vanskeleg å koma seg inn att i usa straks du har teke foten or dørsprekken, dersom du nokon gong skulle få lyst til det -- særleg med tanke på utdanning i usa er det nok ein stor fordel å vera amerikansk statsborgar

p. s.: «du veit du vil», hahaha. du er kul

Sara sa...

Takk for innspela! :)

Alt stemmer bortsett frå punkt 2. Eg har dei same rettane på alle velferdstilboda, inkludert stipend. Skilnaden er at eg må fylla ut fleire papir.

Når det gjeld røysterett, så er det litt synd å ikkje kunna røysta i Noreg, der eg faktisk bur. Men det er òg litt meir status å ha røysterett i USA. Det er vanskeleg å velja!

Eva Holthe Enoksen sa...

Eit framlegg til kva du kan gjera denne veka: Gå på kafé med meg :) Send meg ein melding om du har høve/lyst/tid, men helst ikkje under matte-eksamen:)

Sara sa...

Har alltid tid og høve og lyst til det ^^ det hadde vore koseleg!

L. sa...

du kan jo venta me å skifta stasborgerskap t itte du e ferdig å studere, hvis det har seg sånn at du vil studere i usa... så bytte du t norsk ittepå :)
lisabeth har løsningen på alle verdas problemer. Bortsett frå korlies ein kan få heile verda t å tale nynorsk. Det e eit mysterium for meg..

Sara sa...

Går an det ja, men det er mykje studiegreier (i Noreg, vel å merka) som hadde vore enklare om eg var norsk. Men då utset eg i alle høve å velja side :P

Anonym sa...

Um ein berre tenkjer på røysterett, tykkjer eg det er betre å hava røysterett i Noreg, ettersom kvar røyst gjeld meir enn i Sambandsland. Det, og at korkje the Republican elder Democratic Party kjem til å redda verdi. Her er det råd for små parti å taka seg upp i større mun enn yver dammen.

Sara sa...

Det er sant, det har eg òg tenkt. Likevel har jo resultatet av vala i USA større konsekvensar enn her. Republikanarane kan gjera meir skade enn FRP, liksom. (Nåo åffens til eventuelle lesarar som støttar FRP.)