tirsdag 13. mai 2008

Kvifor må eg ha ein tittel eigentleg?

Eigentleg gjer eg matte no. Men somme ting er verdt å ta bloggepause for.

Til dømes Sunniva sin bursdag! Det var utruleg koseleg. Me åt masse, prata, leika, sat oppe altfor lenge... Ein heil kveld og morgon gløymde me alt som heiter matte. (Me trong det nok.) Alle som var der er herlege menneske, med mange ulike ting som gjer dei heilt spesielle. Til dømes måten Jasmin snakkar saktare når ho er ironisk/sarkastisk, uttrykket til Monique når ho snakkar om noko ho likar, og korleis Sunniva konsentrerer seg når ho lagar mat.

Idag heldt eg to føredrag. Det eine gjekk greitt, eg snakka litt tull men kom meg gjennom det. Det andre heldt eg for 5 personar, utan å eigentleg vera klar, men det er kanskje det beste føredraget eg har hatt :P (ikkje at det var så bra, men eg greidde iallfall å snakka)

No lurer eg på kva eg skal gjera på fredag. Kan jo ikkje vera heime. Vil treffa folk, vil treffa NMU'arar, vil treffa klassekameratar, vil treffa alle!

Men no høyrer eg matteboka mi ropar på meg. Eg vil ikkje svara, men veit eg må. Men det er siste gong idag (God-willing). Endeleg!!

7 kommentarer:

L. sa...

hihi... alle e søte på sin måte...

eg syns kk foredraget ditt va bra :D

off matte e bæsj! Men no e det over. FOR ALLTID!!!!

:D:D:D:D:D:DD:

L. sa...

foresten så må du ikkje ha tittel om du ikke ønske...

Sara sa...

Jo takkskaduha, det hadde vore bedre om eg hadde huska alt men :P du e så grei! ^^

Heck YES! Koss gjekk det me deg?

Nei, eg vett, men eg føle eg må ha med tittel og tags for at det ska ver skikkelig... men av og te komme eg bare ikkje på noge. Velvel.

Anonym sa...

Hepps! Moro at du nemner oss, so koseleg :D (NMU'arar då altso).

Eg såg bloggen din nett no då eg såg Nokon(tm) hadde kome til sida mi via din blogg.

Sara sa...

Odin :D NMU har fått ein særskild plass i hjartet mitt veit du ^^

Å? Kven er Nokon(tm)? :P

L. sa...

matten jekk rett nedenom og hjem... men det gjør ingenting:D y tu?

hmmm... eg e me på titelen... tags har eg aldri fatta:P

Sara sa...

Off då :( eg følte det gjekk bra, men sist gang eg følte det så gjekk det jo skikkelig drid. Så eg vett ikkje.

Hehe, nei eg skjønte kje tags før eg heller. Vettkje om eg bruge de rett engang, bare skrive et eller aent eg :P