søndag 18. mai 2008

Namnedag og Grunnlovsdag

16. mai

Det var ein nesten innhaldslaus skuledag, etterfulgt av nokre timar med planlegging og prat. Charleston gjekk betre enn det plar, læraren var frustrert i byrjinga men skrytte av oss i slutten. Me fekk gå over ein halvtime tidlegare enn vanleg, og eg fekk god tid til å eta og skifta osb før eg traska bort til Cemje. Var ein smule redd for at eg var den fyrste som var komen, og at eg måtte sitja lenge åleine. Men det slapp eg :) me vart ein god gjeng etter kvart. Desse menneska er fantastiske. Seriøst, eg kjem ikkje over kor mange bra folk eg kjenner. Men ja. Etter ei tid på Cemje fekk me lyst til å gå på Sjokoladepiken. Me åt og drakk usunne ting og prata om... vel, alt. Me sat til etter stengetid, og me prata med kasseduden. Han fekk sjokolade til å virka nesten religiøst.

Medan eg sat på kafeane, byrja eg å få ei kjensle i kroppen som eg veit at eg har hatt før, men som var sterkare enn eg hugsa. Det var som eg var nervøs, utan å vita kvifor. Det var ubehageleg (bm-ord, igjen!!) men herleg på same tida. Då eg vart samd med meg sjølv om kva det var, vart eg litt redd. Kunne det verkeleg henda så plutseleg? Ja. Det har hendt før.

Så veit eg ikkje om det er tåpeleg eller lurt, dette her. Men det er kanskje ikkje viktig.

17. mai

Fyrst sto eg opp altfor seint, og hadde ikkje tid til anna enn frukost og fornying av maskara :P hadde eigentleg tenkt å krølla håret, men. Får ta det ein annan gong. Drog til skulen, møtte eit bunadkledd pikekor, song to mai-songar og klemte nokre lærarar. Anja sa noko eg aldri vil gløyma. Og eg visste at ho hadde rett.

Gjekk i tog, song av full hals (eller, freista syngja av full hals - det er vanskeleg medan ein går) og vart oppløyste. Eg vandra ned til torget, kor eg trefte Ragnhild H. og takka Gud for det. (Det hadde vorte mange timar åleine viss ikkje. Pluss at Ragnhild er koseleg.) Me såg tog, me åt is, me prata, me var med fleire andre folk som eg ikkje kjente. Gøy!

Endeleg såg eg Solveig, og sprang over vegen midt i folketoget for å stå med henne, og Terje og nokre IB-gutar. Oppdaga etter ei stund at Sze Yan, Oda og Åse òg var der. Hadde ikkje sett dei på år og dag. Det var litt trist å vita at dei alle snart skulle flytta vekk. Velvel. Etter folketoget gjekk me (eg og Solveig og Terje og IB-gutane) på Subway. IB-gutane var morosame! Eg skjønte ikkje så mykje av skulesnakket, men det var kjekt for det. Eg vurderte rømmegrautkveld-situasjonen, og bestemte meg eigentleg for å ikkje gå. Men så gjekk eg og Solveig bort der likevel, berre for å sjekka... Me oppdaga fort at det ikkje var ein ungdomsfest, for å seia det slik. Så me ringte Oda, og gjekk heim til henne (ei anna venninne av dei var der òg) kor me spelte Nintendo 64 og lo og lo og lo.

18. mai

I'm in for it. Får sjå om eg klarar dette.

Takk for ei fin helg, alle saman! (De veit kven de er.)

8 kommentarer:

Eva Holthe Enoksen sa...

No forstår eg slett ikkje alt, men noko fekk eg då med meg. Eg trur du treng ein ny tur på sjokoladepiken :)

Sara sa...

Hehe, eg skriv litt kryptisk med vilje ;)
Det trur eg òg! Aldri feil det.

Ne-kee sa...

Om det e feil, e ikkje så voldsomt viktig. Nyt det :)

Ka sa ho Anja for noko spannande? :)

Sara sa...

Sant det ^^

Hm. Eg kan sei det te deg på skolen :P det e kje det at det e flaut, bare at det ser litt løye ut her...

L. sa...

eg o vil vite ka anja sa...
og eg kjenne at eg glede meg t mattetimen i mårra. ikkje fordi matte e så himla kjekt plujtsleig, eller at eg har noke fint å fortela (mer andre retningen) men eg gledar meg t å se deg att. Og Tove og Lise... Eg trenge den fabelaktige mattegjengen, for å diskutera heilt andre saker enn mate.
Btw. Helga blei ikkje så god som forventa, om du ikkje alt har fatta det:P men e e i grunnen ganske høgt opp igjen no da:)

Sara sa...

Aw, eg såg ikkje dette før nå! Men i lige måde, det va kjekt å ver me deg igjen :)

L. sa...

sara, Lisabeth sit å lengte etter eit nytt blog innlegg å lesa. Kva skjedde med mtafiksjon innlegge kor du skulle skriva om at du ikkje hadde noko å skrive???

:P

Sara sa...

Åh! Det glømte eg! Men min neste post blir nok ikkje det, eg har komt på noge å skriva nå ser du :P men det kan ta litt tid. Kanskje.