onsdag 16. juli 2008

Endeleg, oppdateringen de har venta på! :)

No er dette vel å merka litt utdatert, men eg skal nok få skrive vidare snart. Følg med!
---------
Søndag:
Me kjem fram i Paris, med alle kroppsdelar og all bagasje på plass. På veg frå flyplassen til byen, køyrer me plutseleg rett under Eiffeltårnet. Hoppsann! Det går opp for oss at me faktisk er i Paris. Me køyrer inn i ei lita gate som heiter Rue de l’Aqueduc, kor ei slank og elegant dame på 60 år ventar på oss. Madeleine Duchemin heiter ho. Ho skjønar fort at me ikkje er særleg flinke i fransk, og snakkar sakte og enkelt så me forstår det meste av det ho seier. Me går opp 5 etasjar med dei tunge koffertane, og ho viser oss rommet vårt og resten av leilegheita (æsj, der var det ordet igjen), som er i ein gamal bygard i La Villette, eit roleg område, men veldig sentralt. Middagen er klar kort tid etter me har lagt oss til rette, og me et eit fantastisk måltid saman. Samtalen er særs enkel, me er litt nervøse, men det er triveleg for det. Me sit på rommet i ein time etterpå og berre tenkjer over alt. Det er merkeleg å vera her, men me har ei kjensle av at dette vert bra.

Måndag:
Me sto opp tidleg for å gå på skulen. Fyrste skuledagen skal alle ”berre” ta ein prøve for å plasserast på rett nivå. Prøven var vanskeleg! Men det kan ikkje ha gått altfor gale, for eg vart plassert i klasse A2 (nivåa er A1, A2, B1, B2, C1 og C2). Etterpå gjekk me på ein liten tur rundt nabolaget og i Montmartre, og fekk ein del info og tips frå skulestaben. Forresten så er skulen kjempefin. Utsida ser heilt romantisk ut, det ser ikkje ut som ein skule i det heile tatt. Og innsida er heilt moderne og stilrein. Fænsi er det. På byturen snakka me ein del med ei frå Polen (eg klarer ikkje uttala namnet hennar, så eg trur heller ikkje eg tør freista skriva det) og ei frå Tyskland som heiter Sandra, og Mari frå Drøbak! Dei virka greie alle saman. Mari har gått på ein folkehøgskule som Sunniva (og for så vidt eg) er interessert i. Så det var kjekt å snakka med henne. Etter byturen fekk me timeplanane, og oppdaga at eg og Sunniva har heilt ulike timar. Me har berre nokre få av dei same fritimane. Men det er ikkje så farleg, me har alltid kveldane saman, og det går fort å verta kjent med andre elevar. Då me kom heim frå skulen, trefte me den andre eleven som bur hos oss. Ho heiter Maria, kjem frå Brasil og er eldre enn Mad (”c’est exceptionnel !”) og ganske morosam. Ho tek fransk B2, og er visstnok ganske flink til å skriva. Ho snakkar mykje, òg, men seier feil på litt rare plasser. Det er litt kjekt å høyra, hehe. Mad rettar på henne, då. Det er jo bra at ho òg kan læra av å snakka med vertinna.

Tysdag:
… var den fyrste verkelege skuledagen. Me fekk lærebok, og trefte læraren i Francais Général. Ho heiter Anne-Lise og er kjempesøt. Det beste med henne er at ho forklarar ting (nye ord, grammatikk osb) på ein enkel og forståeleg måte. Det er særs nyttig for meg, det, å læra franske ord og fransk grammatikk, på fransk, i staden for å gå vegen om norsk eller engelsk. C’est génial ! Om kvelden gjekk me på kino, me hadde eigentleg tenkt å sjå Narnia, på originalspråket, men denne kinoen hadde berre franske versjonar. Men me tykte det var greitt, og såg Narnia på fransk. Han var kjempebra! Og prinsen er absolutt godkjent (de som kjenner meg godt veit truleg at eg har ein stor crush på BBC-Caspian og var redd for at han nye skulle vera eit vonbrot, men det var han faktisk ikkje), og det viktigaste av handlinga (slik eg hugsar henne) er med. Eg greidde tilmed å forstå ganske mykje, heh. Det var vanskeleg, då. Kanskje litt meir poetisk språkbruk enn det me lærer på skulen. Elles var kinosalen diger og veldig fænsi, og skjermen me såg filmen på var 4 gonger så stor som skjermen me såg trailerane på (som var normal storleik) (me var overraska over å sjå ein ny skjerm verta rulla ned, plutseleg). Gøy!

Onsdag:
Trefte dei andre lærarane. Gilles er lærar i I-Lab, som er KEISAMT. Me gjer masse oppgåver på data, mange av same slag. Det er jo lærerikt, men ganske monotont. Og det er noko med Gilles som eg får avsmak av. Han er litt uhøfleg, og utålmodig. Men me arbeider jo mykje på eiga hand, så det gjer ikkje så mykje. Valfaget mitt vart Atelier d’ecriture, skriveverkstad. Læraren der heiter Sophie, og ho brukar mykje meir vakse språk enn Anne-Lise. Men ho er dyktig. På skulen i dag vart eg kjent med Ida frå Sverige og Katherine frå Tyskland. Dei er kjempekjekke båe to! Ida og eg snakkar nordisk saman, det er litt kjekt. Men utfordrande, det er nemleg ikkje alltid me forstår kvarandre. Etter skulen treftest eg og Sunniva og gjekk på ein ”liten” tur. Me gjekk fyrst oppover Champs Elysées, så opp i triumfbuen (spontan avgjering!). Utsikten var heilt perfekt, me kunne sjå alt derfrå. Så me sto der ganske lenge, sjølv om det regna. Mad drog til Marseille i dag, med middagar klar til oss i kjøleskåpet. Ho kjem heim på laurdag.

Torsdag:
… vart eg meir kjent med Ida, det var koseleg. Eg trefte og ei jente frå Nederland som var vegetarianar som meg. Ho var litt morosam! Eg lånte Bridget Jones’ dagbok på fransk, og byrja å lesa i ho. Gøy! Og faktisk ikkje så vanskeleg. Berre noko slang her og der. Forsto det meste frå konteksten. Dette var ein ganske roleg dag.

Fredag:
På skulen tok me ein liten framstegstest. Det var ikkje så vanskeleg, eigentleg, men på den eine oppgåva greidde eg å vita kva eg skulle gjera utan å vita kvifor. Hmm. I dag var skrivekurset drit. Fant ut at det me skriv skal hengast opp i klasserommet. Eg er veldig lite for. Men men. Etter skulen gjekk me på Louvre, noko eg før denne turen var ganske skeptisk til. Og det er eg i grunnen enno. Det var slitsamt å vera der. Så stort, så museum-aktig. Heh. Men det var så klart mykje spanande å sjå der, så eg angrar ikkje. Om kvelden tenkte me å treffa nokre folk for å gå på klubb, men me fann dei ikkje. Så me gjekk på ein café/bar for oss sjølve (eg og Sunniva, altså). Me drakk dyre cocktails og følte oss veldig parisiske. Heile vegen heim var me båe tissetrengte, men lukkelege.

Laurdag:
Sov lenge, herleg! Me fekk lyst til å utforska Quartier Latin, og tok ein metro bort der. Men me endte opp med å bruka mest tid på Ile St. Louis. Det var så koseleg! Stikkord er is (honningnugat), løksuppe, sjokoladebutikk… i sistnemnte kjøpte me kakaopulver med krydder, og eg kjøpte trøfler. Nam. Eg kjøpte sjal i ein bod ved Seinen, Sunniva kjøpte kjole i ein butikk ved Les Halles. På veg heim fekk me melding frå inntakskontoret i Rogaland, spanande…!

Søndag:
Sov endå lenger, herleg!! Sonen til Mad dukka opp. Han heiter Thomas og er rundt 30 år gamal. Mad fortalte oss seinare at han er litt handikapa. Han prata fort. Sunniva og eg drog til Eiffeltårnet, kor me kjøpte crèpes og hoppa på ein turistbuss. Det var overraskande kjekt! Me tok heile turen, og då me kom attende til Trocadero kjøpte me ein liten lunsj og sat og såg på alle dei interessante menneska som gjekk forbi.

Måndag:
Kom meg endeleg på internett for berre andre gong, fekk svart på alle facebook-greier og gratulert Stine med dagen på ein tilnærma verdig måte (skulle helst gjort det fejs tu fejs, men c’est la vie). Sendte òg ein førehandsskriven e-post til mor. Greitt å halda dei gamle oppdaterte. Litt herleg at dei er i USA, då, så dei ikkje ringer meg heile tida... Siste skuletimen i dag var ”conference”, kor Anne-Lise fortalde om teikneseriar, nærare bestemt Astérix. Eg vart veldig inspirert til å kjøpa masse franske teikneseriar. Medan Sunniva hadde time kjøpte eg ei veldig grei veske, ho er stor og passer til antrekka mine… ikkje at eg plar tenkja på sånt. Etter skulen tok me turistbussen igjen, sidan billettane var gyldige i to dagar. Hoppa av ved operaen, og beundra bygningen ei stund. Gjekk på Zara, for masse folk. Gjekk på Repetto, for useriøst (og for masse folk). Gjekk heim, åt ein fantastisk middag (som vanleg) og hoppa i seng.

Tysdag:
Medan Sunniva var på skulen, gjekk eg på Forum des Halles. Eg har vore der ein gong før, men av ein eller annan grunn såg det ganske annleis ut denne gongen. Det var digert. Eg kjøpte to tunikakjolesaker, eit par øyredobber og ei brosje, pluss nokre praktiske ting. Drog rett til skulen derfrå, hadde ein time, og så måtte eg heim igjen for å skifta klede til OPERAEN! Som sjølvsagt var fantastisk. Me såg ein ballett som heiter La Dame aux Camélias, billettane våre kosta 80 euro. Ouch. Men det var verdt det, og mykje meir. Bygningen i seg sjølv var heilt utruleg. Majestetisk. Storslått. Me vart vist til setene av dresskledde unge menneske. Plassane var heilt perfekte. Og balletten var VAKKER. Dansarane rørte seg så vent, og sårbart, på ein måte. Gode skodespelarar var dei òg. Og kostymene var flotte. Alt var ganske enkelt, men vakkert. Koreografien var ikkje heilt klassisk-klassisk, litt annleis. Nydeleg var det.

Onsdag:
Dette var ein uvanleg vanleg dag. Skulen var heilt gjennomsnittleg, men bra. Skrivetimen gjekk mykje betre i dag. Me kom opp med ein ganske kul idé til ein fait-divers, ein gjeng med rotter som har vore blindpassasjerar på metroen i 3 år og endeleg er tatt av politiet. Gøy. Etter skulen gjorde me enormt lite. Me vaska klede, kvilte litt, gjekk ein liten tur. Det var koseleg, då. Herleg å ikkje springa rundt og gjera så mykje som mogleg. Godt å ha litt god tid og slappa av. Så var me heile 5 stk rundt middagsbordet i dag, det var litt spesielt. Ganske livleg samtale. Resten av kvelden gjekk til å skriva dette. Takk for meg (for denne gongen)!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Åh! Kjekt å lesa! :D Høres ud så dåkke kose dåkke :D

L. sa...

Høres knall ut:)

Sara sa...

Del 2 komme forhåpentligvis i mårå :)

Anonym sa...

jippi!