torsdag 31. juli 2008

Post-Paris

Ja, etter ein episk Paris-blogg er det på tide med noko litt meir... vel, nytt. Dagen etter eg kom heim, byrja eg å skriva dagbok, sånn skikkeleg. Så eg skal konsultera den no.

Sidan eg kom heim, har eg vore på kino to gonger, sett altfor mange filmar, rydda to skuffer, jobba frivillig to dagar, spist is ca 100 gonger, gått med kjole to gonger, lese ut ei bok og byrja på ei ny, kjøpt 5 DVD'ar, laga ein pai, og hatt eit angstanfall. Ikkje heilt i den rekkefølga, då. I tillegg til å treffa vener, som eg trur eg hadde sinnssjukt godt av.

No gjenstår 2 og ei halv veke av sumarferien, og eg har ikkje gjort noko av det som eg tenkte eg burde gjera i sumarferien. Gjer det noko? Næh.

Sånn elles så er det no 100% avgjort at eg definitivt ikkje under any circumstances skal gå glipp av neste NMU-leir, om Gud vil. Så det så.

8 kommentarer:

Anonym sa...

men kva om gud vil at du verta riksmålsentusiast?

Anonym sa...

Då drit me i kva han vil.

Sara sa...

Om det er det Gud vil, så er han ein merkeleg kar. Men då trur eg isåfall han ville ha gitt meg eit teikn på det FØR eg melde meg inn i NMU og alt det der. Så eg trur ikkje de treng vera redde! :)

L. sa...

eg trudde gud va god eg... og at det ikkje va guds skyld at djevelen forpeste verden med synd og alt anna vondt (les bokmål) ergo e eg veldig overbevist om at gud vil du skla dra på den leiren sara:)

Sara sa...

Godt resonnement, Lisabeth! :D

L. sa...

i know:) Av og t lønne det seg å ver ei prestedatter som fulgte med på søndagskulen:) hihi

Anonym sa...

Sånn elles så er det no 100% avgjort at eg definitivt ikkje under any circumstances skal gå glipp av neste NMU-leir, om Gud vil.

Det vil han ikkje. Ikkje den Ivar Aasen eg kjenner. :)

Sara sa...

Haha :P Ivar Aasen er berre ein profet ;) hehehe.