lørdag 13. september 2008

No for tida...

... ser eg på det som livsoppgåva mi å retta på språklege (og andre typar) feil, fordi eg meiner at godt språk gjer verda til ein god plass å leva, medan dårleg språk høyrer heime i avgrensa typar humor og er reservert språkfrikar.
... tykkjer eg ein kompliment om bloggen min frå veslesøstera til veninna mi er verdt meir enn all løna eg kunne fått dersom eg hadde deltidsjobb i staden for å bruka tid på å skriva uinteressante ting om meg sjølv på ei vevside.
... gjer eg alt eg kan for å unngå å tenkja for mykje på ekle ting, til dømes kjærleik, og bruker heller tida og hjernekapasiteten min på fornuftige ting, til dømes FreeRice og Wikipedia.
... er eg livredd for at eg aldri skal klara å velja folkehøgskule (og linje) og universitet (og linje) og hatar eliminasjonsmetoden.
... kjem gamle interesser fram att i lyset og eg har ei lang liste over interesseorganisasjonar eg vil vera medlem av når eg har pengar til alle kontingentane.
... prøver eg å planlegga russebuksa og russekortet, oppdager at eg ikkje har plass til alt, får problem med å visa kven eg eigentleg er, og alt dette fører til identitetskrise og at eg hatar eliminasjonsmetoden endå meir.
... bør eg kanskje skriva norskstil.

11 kommentarer:

Ne-kee sa...

Norskstil e bare fail.

Eg like og hjemmesiå di! :D

Sara sa...

Heilt sant.

Tusen takk for det :D

Anonym sa...

Eg lyt au skriva norskstil. Men no sam eg, um alt gjeng etter planen, fær 16 fritimar i vìkonne hev eg tid til det.

Seg ifrå um du skal til Bjørgvin, dit hev eg tenkt meg. :)

Og vloggen din er estettikli pliising.

Sara sa...

16 fritimar? :O kven er det for eit kreativt menneske som har laga din timeplan?

Kult, veit du kva du skal studera òg?

Hehe, tænk ju verri møtsj :)

Anonym sa...

Vel, eg er ikkje heilt viss, men eg høpp yver frå realfag til tungemål, so eg slepp rekning og physique, og so tek eg tysk som privatist.

Ai æm gånna støddi lingvistikks. ;) Og kannhenda nordiskt. Enn du?

Sara sa...

Stemmer det. Godt val, tykkjer eg :)

Kult, det kjem du til å briljera i! :D eg har faktisk tenkt på det same, men veit ikkje om eg tør viss du er blant "konkurrentane" mine :O eg er ikkje _så_ glup...

Anonym sa...

Det er då ingi tevling! :o Og eg er ikkje so glup, eg helder, eg hev berre funne kallet mitt, for å segja det slik.

Um eit quarter skal eg ned og høyra um eg fær byta fag! :D

Sara sa...

Ja okay då. Det passar jo fint for NMU'arar å verta lingvistar. Eg må nok tenkja litt på det :)

Korleis gjekk det?

Anonym sa...

Eg fekk byta! :D

L. sa...

Sara du ska jo bli lerer. Med meg. På kongsgård. Me sko jo danna dngkl (den nye gernrasjon kongsgård lærere)

Sara sa...

Ingenting e skreve i stein, vett du. Ai hevv såmm tinking tu du.