torsdag 2. oktober 2008

Statslaus

For ei veke sidan fann eg ut noko dumt, eg veit ikkje kvifor eg ikkje har skrive om det før. Her kjem det iallfall.

Eg finst ikkje.

Greitt, det er kanskje å overdriva litt. Men det kunne like gjerne ha vore sant. Veit du kvifor? Eg har ingen reell nasjonalitet. Eg har eit opphaldsløyve, og eg har eit statsborgarskap. Desse to høyrer naturlegvis ikkje til same land. Så har BÅE desse to landa avgjort at eg ikkje får røysterett. Ikkje her, fordi eg er framandlending. Og ikkje der, fordi alle reglar har unnatak. Regelen er: statsborgarar fødde i utlandet kan røysta, så lenge delstaten som foreldra deira sist budde i har ei ordning for det. "Well, guess what."

KVEN ER EG EIGENTLEG?!

Oooh, I'm an alien, I'm a legal alien.....

12 kommentarer:

L. sa...

you're an ailien in STAVANGER!!!!! eller egentlig på sola... men det kan jo ver det bor romvesner på sola, i og med at sola e i rommet, så da e det ikkje like moro.

eg syns foreste det e fælt at du ikkje får stemme i usa. Eg syns det e bæsjent gjort. Da burde du hvertfall få stemme her.

Sara sa...

Hmm. Det blei visst litt komplisert å oversetta "Englishman in New York" te min situasjon. Særlig siden poenget faktisk e at eg ikkje har en nasjonalitet. :P men godt forsøk :D

Ikkje sant? Det e akkorat som de har rotta seg sammen mot meg.

Anonym sa...

what what

får du ikkje røysta i november?

Ne-kee sa...

Sånt hadde ikkje kjede i CAN-A-DA! :D

Hmm, drid då.

Sara sa...

Eirik: Nope. Finn ikkje att informasjonen (så kan ikkje sitera), men Nevada tillet i alle høve ikkje at barn av utflyttarar kan røysta.

Monique: Ja, ja, gni det inn... :P

Anonym sa...

Du kann vel verta norsk borgar d'état? Då fær du vel røysterett?

Monique, er du viss? Kva er lovi i Canada på det punktet? Eg likar Canada. Vænt flag, væn nationalsong, og væne tungomål.

Sara sa...

Det gjer eg, men eg tykkjer det er ganske drastisk å byta statsborgarskap, så eg må tenkja litt meir over det...

Ne-kee sa...

Medvitsvevn:
Det vett eg faktisk ikkje. Men i og med at eg både e norsk og Kanadisk statsborger, så regne eg med at eg fåt gjør ka eg vil :)

Ne-kee sa...

Oh, ja. Det sko ver skjedde (ikkje kjede) og medvitssvevn. Eg kan tydeligvis ikkje stava, unnskyld Sara :(

Sara sa...

Du e tilgitt, fordi eg vett du kan, innerst inne ;)

Knut Natskår Svihus sa...

Men du e jo så urnorsk som du kan ble då, ingen som skrive bedre nynorsk enn ka du e så det burde vel holde med å få lov til å stemme på kommunevalgene våres?

Sara sa...

Haha, eg tror ikkje det ska så møye te for å finna nogen som e bedre i nynorsk enn meg :P bare finn en hvilken som helst aktiv NMU'er, så ska du se :P men takk ^^

Joda, det e jo greit det på ein måde, men det hadde vore litt bedre for min egen mentale helse (eller noge) om eg følte meg 100% som en del av landet som eg bor i. Men då må eg gi avkall på "opprinnelsen" min. Så det e ganske problematisk.