onsdag 11. februar 2009

And the moon rose over an open field

Det er litt kjekt å oppdaga at nokon les bloggen min :)

Over til noko heilt anna: Nett no har eg norskstilangst. Men det er ein merkeleg type angst. Det ser om lag slik ut:







(Kanskje det heller kan kallast frustrasjon.) Dersom nokon veit korleis eg skal kurera dette, så gi meg for all del eit bip.

Sånn elles så er svarfristen for FHS rett rundt hjørnet. Eg hadde nesten bestemt meg, men no har eg nesten ombestemt meg. Eg veit at Doc'en har talt (intern greie), men no trur eg faktisk at intuisjonen min taler annleis. Så den skulen eg har lyst til å gå på i dag er Sagavoll. Dersom eg har den same kjensla på fredag morgon, vert det dei som får eit hyggeleg brev av meg. Uansett skal eg oppdatera dykk.

Forresten! Eg meiner ikkje å skryta eller noko, men frå i går er eg leiar i KEM. Ønsk meg lukke til? Og hald på nynorsken folkens, og igåvf - ikkje gløym å vera framifrå! (Det var den beste omsetjinga eg kunne koma fram til av dftba, "don't forget to be awesome". Andre framlegg er velkomne.)

EDIT: Oi då, det siste biletet var for stort. Kva gjer eg med det? Hjelp meg, O kloke vevbrukarar!

5 kommentarer:

L. sa...

Eg lese alltid bloggen din:)

Eg kjenne veldig godt t den følelsen... og eg har framleis ikkje lert korleis eg ska kurera an:/

Gratulere Sara, ser fram t gøyale styreaktiviteter i lag med deg:)

Prøv å trykke middels eller lite når du laste det opp:)

<3

Sara sa...

Det vett eg :)

Hm, då får me vel bare overleva det :/

Tænk ju, og i like måte :D

Eg trykte på lite… det blei ikkje mindre :S

Anonym sa...

Kult! :D Eg visste ikkje du vart KEM-leidar no. Det er jo drittøft.

Ailin sa...

Og eg e skriver, a.k.a din venstre hånd :D Du må læra meg koss å ver skriver, for eg tvile på at det går. Lykke t som leder, du komme t å gjør ein fantastik jåb :D

Sara sa...

Odin: Ja, det tykkjer nesten eg òg ;D

Monique: Det kjem til å gå heilt fint, det er ikkje så vanskeleg. Eg er meir usikker på leiarvervet, eg kjem til å trenga mykje hjelp :P reknar med å ringa Eva og skrivarstova sånn cirka konstant...