søndag 15. mars 2009

Når eg ein dag får for mykje fritid...

... eller om eg ein dag får for mykje fritid, før eg vert gamal og handicappa altså, då er det mange ting eg vil gjera.

Til dømes vil eg bruka meir tid på dagbokskriving, og gjera meir ut av det. Eg vil nytta fargar, og lima inn polaroidbilete og billettar og kvitteringar og liknande frå gode opplevingar. Og eg vil freista skriva litt annleis enn "standard" og velja litt finare ord. Kanskje eg tilmed kan skriva litt lyrisk.

Ein annan ting eg vil gjera er å laga eit klesplagg. Tenk så gøy å gå med ein kjole eller noko som ein har laga sjølv! Den siste tida har eg samla på DIY-oppskrifter og har store planar om å gjennomføra nokre av dei. Ein dag.

Og eg vil læra meg sjølv litt psykologi, sidan eg ikkje fekk tatt det som fag på vidaregåande. Kanskje eg skal kjøpa ei brukt psykologibok frå då det var valfag. Så vil eg læra å forstå menneskesinnet betre. Eg tenkjer det vert like gøy som filosofi, og vesentleg mindre svevande. Det vert bra.

Det hadde òg vore gøy å læra eit nytt språk. Ein kan kanskje seia at eg kunne lært meg fransk betre, og det vil eg jo òg. Men så er der så mange flotte språk her i verda. Det hadde vore litt kjekt med ei lengre liste over språka eg kan bruka. Og det å putla med grammatikk er jo stas nok i seg sjølv for ei som meg.

Når eg er så godt i gang med ting eg vil læra meg, så hadde det jo vore fantastisk skoj å læra ein ny dansestil. Eg berre nemner tango, stepping, folkedans, vals, bollywood. Rørsle er kanskje den beste forma for kunst. Og så er det så herleg å slå seg laus til vakker musikk.

Denne lista kunne blitt ganske lang. Kan henda skriv eg ein del 2 seinare.

Kva ville du gjort om du plutseleg fekk for mykje fritid?

6 kommentarer:

Anonym sa...

Eg ville lært meg å spela skikkeleg på dei instrumenta eg kan, og så ville eg lært meg å syngja. Så skulle eg ha lese alle dei bøkene eg har i bokhyllene. Og dratt til Frankrike att. Og så ville eg lært meg å dansa folkedans, for det er så koseleg. Og så skulle eg lært meg meir om datamaskinar.

Eller kanskje eg berre skulle ha slappa av, og sluppe å fått skuldrar og nakke harde som is.

Sanninga er vel at om eg hadde fått meir tid, så hadde NMU ete ho opp før eg fekk tid til å tenkja over kva eg ville. Det er det som plar henda. Og det er i grunnen greitt, mesteparten av tida, iallefall :)

Anonym sa...

Eg trur eg hadde lese ut dei bøkene eg hev byrja på, og so skrive litt.

Hadde eg ovmykje, hadde eg lese på formlæra åt eit nytt mål, og spìla nokre gamle Nintendo-spìl.

Anonym sa...

eg ska lære meg swing i helgen, lyst til å være med meg og marie?? det hadde vert kult. men swing er jo ikke så fint og grasiøst da... slik som du er....

men hva er foresten DYI?? alldri hørt det...

eg vil også bli flikere til å diskutere og argumentere for min side :) hiihi

klem :)

Sara sa...

No er det gjerne på tide eg svarer :)

Eva: Det var fine idear! Særleg det å slappa av, eigentleg. Trur du treng det! (som dei fleste av oss.) Og NMU er jo ikkje det verste som kan eta opp tida di :)

Victor: Gamle Nintendo-spel er gøy! Saknar den tida då eg gleda meg til å vitja vener fordi dei hadde Nintendo :P

Tove: Å! Så gøy :D kor er det det skal vera? Eg veit ikkje om eg har tid, då. Men det hadde vore gildt ^^ (forresten så er swing absolutt grasiøst!) DIY står for Do-it-yourself :) altså sånn hobbyopplegg. Hehe, den siste ideen er jo kjempenyttig! Den likte eg! *klem til deg òg*

Anonym sa...

det e på siddisstovå... ikkje der me hadde NMU møtet, men i etasjen over.
det er fredag klokken 18.00 til 20.00 og lørdan 14.00 til 16.00.. og det koster bare 100 kr :)

oo kult do ti yourself, sånn liste har eg og... men eg kalla ann ikke det..

Sara sa...

Å, så greitt! Kanskje eg skal prøva å koma :) må sjå om eg får tid.