mandag 20. juli 2009

Ofte stilte spørsmål

De opplever det sikkert, de og: Dei same spørsmåla har ein tendens til å gå att når ein møter folk. Eg skal demonstrera med døme på spørsmål eg får for tida, og heilt ærlege svar på dei. Desse er delte inn i høvelege kategoriar. (No ser eg forresten at det dukkar opp nokre ikkje-spørsmål innimellom. Det gir døma meir autentistisis-ja de veit.)

"Neste år"
Kva skal du gjera neste år?
Eg skal på folkehøgskule! Sagavoll, heiter skulen.
Å, kor ligg det?
Nokre kilometer frå Bø i Telemark.
Ååå, det vert sikkert kaldt. Kva skal du gjera der, då?
Eg skal dansa!
Det vert sikkert kjempekjekt.
Det trur eg òg.

"I sumar"
Kva skal du gjera i sumar?
Ingenting!
Hæ?
Jaja, det vil seia, eg har jo vore på leir og skal på ein til. Og eg skal stå på stand på Gladmat-festivalen. Og eg har vore litt i Suldal.
Det er jo ikkje ingenting, då.
Nei, nei.
Men jobbar du ikkje?
Jodå, på Gladmaten.
Ja. *ser litt usikker ut* Er det fint å ha fri, då?
Kva trur du? Eg elskar det!

"Kjærleiken"
Korleis går det med kjærleiken, då?
Ikkje framover, akkurat.
Å... Eg trudde du hadde noko på gang?
Jodå. "Hadde" er stikkordet her.
Så dumt.
Ja. Men det er greitt.

Dersom de framleis er usikre, så kan eg vel oppsummera dette med å seia at:

- nei, eg skal ikkje byrja på eit studium til hausten, eg skal derimot kosa meg
- nei, eg har ingen fast jobb i sumar, eg har derimot minst ein koseleg jobb på eit par dagar
- nei, eg har ikkje noko på gang lenger, eg er derimot fri og lukkeleg.

Til alle andre arbeidslause, einslege slaskar som veit å ha det kjekt: Fortsatt god sumar!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Eg syns det e herlig at du nyte sommeren! Kos deg med det :) Eg syns det e kriminelt kor lite me har sett kverandre denne sommeren. E du ledig neste helg? Ka med en overnattings?

- Jasmin

Sara sa...

:)
Heilt enig, dette må me gjør noge med! Eg e veldig ledig denne helgå, altså utenom gladmaten sine åpningstider. Tar kontakt!

L. sa...

sprøsmål som ikkje e like ofte stilt: Ka e ditt favoritt møbel - og koffor?

Sara sa...

Nå for tiå må det ver kjøkkenbenken. Vett ikkje koffor. Kanskje bare fordi det e noge romantisk med å sitta på an.

(forresten så blei eg litt inspirert av kommentaren din og holde på med et utkast te et litt spennande og ganske personlig innlegg. får se om eg legge det ut nogen gang)