søndag 23. august 2009

Sagavoll, veke 1

(Litt keisam tittel, men iallfall informativ)

Snart er den fyrste veka mi på Sagavoll Folkehøgskule over. Tida har gått fort og treigt og rundt og rundt i hovudet mitt. Eg forstår nok ikkje heilt kor eg er. Det er som eg trur eg er på leir og skal heim om nokre dagar. Men slik er det ikkje. Dette må eg venna meg til. Og det har eg allereie, litt iallfall. Det som gjer at det går, er medelevane og personalet og maten. Og det er jo ganske mykje!

Romkameraten min heiter Sofie, kjem frå Bergen og snakkar østlandsk. Ho går på KRIK-linja og er likevel veldig koseleg. Tone Mari er naboen min. Me har dei to romma som har best utsikt - me kan sjå heile skulen frå vindauget. I tillegg bur me på ein nyoppussa etasje, som tidlegare var husvære for stipendiatane. Etasjen heiter Sagatoppen. Dei andre jentene på etasjen er òg kjempekoselege. Det same gjeld danseklassen, trur eg. Me har hatt to linjedagar der me kjapt lærte ein dans som me viste for m.a. foreldra på opningsfesten igår (meir om det på dansebloggen min). Så me har ikkje vorte så godt kjende enno, men eg har ei god kjensle.

Personalet er kanskje dei mest hensynsfulle menneska eg har vore borti. Dei lærer oss gjerne om klesvask og anna husarbeid, dei oppmuntrar til å spørja dei om kva som helst, dei seier det er heilt greitt om me treng å vera litt åleine, og dei forsikrar oss om at dei fyrste vekene er dei tøffaste. Og sånn btw, dritgod mat. Eg meiner det.

Ein ting til må eg fortelja. Her på skulen har me ei heil bok (hefte, då) med alle valfaga me kan ta. Der er over 100 av dei, og me skal ha minst 15 for å få året godkjend. 7 av dei må vera innan kategoriane trusliv, samfunnsliv og eige liv. 2 av dei bør vera idrett, dans eller annan fysisk aktivitet. Elles er der allslags formingsfag, instrumentopplæring, matlaging... og eit kor, då, som heiter Dynamis. Det er som eit valfag som ein har heile året (frå etter haustferien). Der må eg jo vera med.

Nokre hundre meter borte er der eit "sentrum" med Kiwi, Prix, apotek, bank, bakeri, Bademiljø... eh ja. Og ein pub, men der har me strengt tatt ikkje lov til å gå. Ikkje drikka, iallfall. Uansett. Og ein sykkeltur unna ligg Bø, med kafear og frisørar og butikkar og kino og treningssenter og alt ein treng, eigentleg. Så dette er bra.

Snart må eg byrja å samla målungdommar!

6 kommentarer:

Tove sa...

Oooi ,wow. Det høres kjempe koselig ut :)
wow, jeg gruer meg...

Kos deg masse, det høres ut som en super plass, ikke for langt vekke fra butikker, ikke kaldt (?), snill rom kamerat, internett, god mat, ja rett og seltt fint...
(:

Sara sa...

Det e kjempefint :)
Å, vennen, du trenge kje grua deg, det blir gøøøy! Og hvis det e slitsomt i begynnelsen, så e det heilt normalt, bare hold ut så blir det bedre :)

Det e supert ja :D kaldt e det ikkje, vêret e kjempefint nå, men det begynne nok å snø i oktober ein gang :P men ja, alt e veldig veldig bra her :) eg e storfornøyd :D

L. sa...

Mer mer mer. Eg døyr eetter oppdateringer!!! Tenk på den stakkaren som sitter att i stavanger utan eit sosialliv. Fortell meg korleis det går. Kva et du? Korleis ser rommet ditt ut? Kven deler du rom med? Når kjem du hem att? Eg saknar deg

Sara sa...

Skal snart skriva nytt innlegg. Følg med!

Kathleen sa...

Mye bedre sentrum enn det jeg hadde på fhs. Det var kun Bunnpris, et busstopp og noen benker hvor vi satt og drakk gjennom hele året, med allværsjakka og tre lag ullgensere på¨.

Sara sa...

Oi! Kor var dette?