onsdag 18. november 2009

Buksefri desember!

Sidan eg ikkje er med på No Shave November, har eg bestemt meg for eit eige prosjekt, nemleg buksefri desember. Dette inneber at i heile desember er det heilt forbode å gå med langbukse (unnataka er trening og kostyme), og ein skal bli vener med strømpebuksa. Skjørt, kjole og shorts er altså det som er lov å bruka. Eg har ingen andre med meg på dette enno, men det er mykje fordi eg ikkje har nemnt det for nokon andre enno. Så, dei som vil, ver med! (Sei gjerne frå :))

Å, og straffa for uautorisert buksebruk er berre at så lenge ein har bukse på så har ein ikkje lov å eta noko godis (snop, kake, vaflar osb). Men oppfordringa er altså å la vera :)

For min del skal dette dokumenterast, så om de er heldige kjem det nokre bilete i slutten av prosjektet. Dette vert spanande!

5 kommentarer:

Spadekua sa...

Jeg vurderte en periode dette forslaget. Men så kom jeg på at jeg hadde nesten bare sommerklær som ikke var bukser. Så jeg stiller meg litt avventende med mitt svar!

Sara sa...

Hehe, det er greitt, du har jo nokre dagar på deg :)

Tove sa...

Jeg blir med :)
så klart jeg blir med :D

Sara sa...

Så bra :D Eg vil ha dokumentasjon!

Tove sa...

Eg ska prøva å legge ut bilder på bloggen :)