lørdag 24. juli 2010

Sara tenkjer langsiktig! (say whaaat)

I det siste har eg måtta tenkja ein del på utdanning og yrkesveg og slike vaksne ting som eg eigentleg har lyst å utsetja. Eg endte opp med lingvistikk på 1. prioritet, og kom inn. Det er heilt greitt. Eg trur eg skal klara eit år med grammatikknerding, så får eg litt basiskunnskap om språk og mykje rar kunnskap som ingen av vennene mine utanfor NMU forstår at nokon kan bry seg om. Tippar eg.

Men etter dette året er det absolutt ingen garanti for at eg har kjempelyst å driva med endå meir lingvistikk. Det er ein sær interesse eg har, men eg ser ikkje for meg at det er ein yrkesveg for meg. Etter mykje positiv påverknad frå vener og bøker (:P) har eg fått meir og meir lyst til å jobba med noko meiningsfylt. (Veldig spesifikt, ai nåo.) Det gjekk verkeleg opp for meg kva eg vil då eg snakka med ein barndomsven som ynskjer noko heilt anna. Han vil heller ha ein jobb der han får utvikla eit produkt som er nyttig for samfunnet enn ein der han gjer små ting for menneske og iblant kanskje får sjå takksemd i augo deira. Då han sa det, var det plutseleg klinkande klart for meg at eg er heilt motsatt.

Så, korleis kan eg bruka språkinteressa for å gjera noko meiningsfylt for menneske? Jo, no skal du høyra: Eg kan jobba med innvandrarar. DING

Sjølv om eg personleg ikkje er den typen innvandrar som slit med integrering eller som kjem nederst i bunka av jobbsøknader eller som nokon eingong veit er utlending til eg seier eg er det, så er eg den typen som heile livet kjenner ei viss tilknytning til to stader, men aldri høyrer 100% til nokon av stadene. Born confused. Difor er eg kanskje bittelitt eigna til å jobba med andre menneske som ikkje er fødde i Noreg av norske foreldrar med norsk som morsmål.

Dette kjenner eg at eg er litt gira på. Men kva slags jobb kan eg ha? Det skal eg undersøkja. Følg med om du vil.

Ingen kommentarer: