torsdag 5. august 2010

Ein tanke...

Går det an å vera kronisk forelska?

Eg kom til å tenkja på at det er frykteleg lenge sidan eg tok ein god, langvarig pause frå å vera forelska i nokon. Når eg tenkjer meg litt meir om så kan eg rett og slett ikkje hugsa sist eg hadde ein slik pause. (Kanskje var det eit par månader i byrjinga av Sagavoll-året, men det var liksom litt småting der òg.)

Denne lidinga eg kanskje er i ferd med å diagnostisera meg sjølv med, kan nesten klassifiserast som ei avhengigheit (er det eit ord?). Og det er eigentleg ein smule slitsamt. Sjølv om eg ikkje fryktar å pådra meg lungekreft eller hepatitt som konsekvens av kjenslemaratonen, så kan eg enda opp utrøysteleg skuffa dersom ingen av sjukdomsframtoningane fører til eit livsvarig sjukehusopphald (litt usikker på om det er ein god metafor for ekteskap/samliv, men klokka er trass alt snart 3 om natta, og som Ted Mosby veit så tenkjer ein ikkje klart etter klokka 2).

Dette må eg sova på.

6 kommentarer:

Força Força Camarada Vasco sa...

Ein tanke.....skriv ...velkommen til planeten... du er gal?
in this planète nur is wilkomenn

alles klar?
volsi

tempus fugit à pressa sa...

går det an å vera kronisk
forelska?
nope.....make several cures

Tove sa...

Det høres ut som en bedre sykdom enn de fleste jeg kan noe om (:

Og det er en morsom tanke. Tenk å bli lagt inn på sykehus og doktoren kommer å forteller deg at det er bare kronisk forelskelse, men du bør ta fri fra jobben noen dager, og slappe av.

Sara sa...

Hehe, godt poeng! Det er ikkje det verste ein kan lida av. Eller er det det? Hmmm.

Men blir ein frisk frå kronisk forelsking av å slappa av? Hadde det vore så enkelt, så hadde eg sluppe uroleg nattesøvn og uforutsigbar sommarfuglaktivitet i magen og det hadde vore frykteleg praktisk. Men kanskje litt keisamt...

Tove sa...

Ja det er sant. hvordan blir man frisk liksom..
det finnes jo mange kjærlighetsdrikker men ingen ikke-kjærlighetsdrikk. Der har forskerne noe å gjøre altså...

Sara sa...

Ja! Men eg trur eigentleg ikkje eg har lyst å bli kurert... hehe :)