søndag 28. august 2011

"En svunnen tid"

(Veldig forseinka utfordringsblogginnlegg!)

Når eg høyrer orda "en svunnen tid", tenkjer eg på barndommen. Personleg er eg glad for at barndommen er over. Den har rettnok sin sjarm: Ein kan gjera veldig mykje rart og folk tykkjer berre ein er søt. Ein får veldig stor glede av veldig små ting, og tykkjer det meste er fascinerande. Ein har ingen ansvar, ingen tidsfristar, ingen økonomiske utfordringar. Ein lærer himla fort.

Likevel er eg glad for å vera vaksen: Ein er fri til å gjera nesten kva ein vil. Ein kan ta ansvar sjølv for å få det livet ein sjølv vil ha. Ein skjønar mykje meir. Ein er mykje mindre usikker på alt. Eg trur attpåtil at eg er ein heilt annan person enn eg var som barn. Dei fleste minna eg har frå barndommen er rett og slett vanskelege, og det er godt at så mykje har forandra seg.

Men sidan dette innlegget skal handla om "en svunnen tid" får eg nemna nokre gode minne eg har. Det er jo alltid hyggeleg med slike blogginnlegg.


Bada i sjøen og konkurrera om å hoppa i dei raraste positurane.
Plukka bær og stappa munnen full av dei.
Sjå magiske filmar og leika at ein var med i dei.
Leggja spionasjeplanar utan noko mål, berre for å sjå rare ting.
Eta lunsj oppe i eit tre.
Laga avis for barna i nabolaget.
Dansa med far i stova medan pizzadeigen hevde.
Ta med vener i symjehallen og dikta opp nye leikar.

Det er slike små hendingar eg hugsar og tykkjer er fine. Det er godt å ha dei, iallfall.

1 kommentar:

pepperkverna sa...

Fine ord om svundne tider....
Hege