torsdag 24. april 2008

Grøn sokk og trekantar

Grøn sokk

Førre onsdag mista eg dei grøne sokkane mine. Dei med rosa kant rundt. Dei var slike korte sokkar som sklir ned når ein går mykje, men som ikkje lagar sånne flaue merke på leggen. Det var det einaste lysegrøne sokkeparet eg hadde. Eg vil alltid sakna dei, djupt og inderleg. Men eg kan berre håpa på at dei no er på ein betre stad.

Trekantar

... er geometriske figurar. Dei har 3 sider, 3 hjørne/vinklar og 180 grader. Ein trekant er helvta av ein firkant, eller eit parallellogram. Det finst likesida trekantar, likebeina trekantar og rettvinkla trekantar. Og tapartrekantar, som ikkje er nokon av delane. Stakkars... Pytagoras likte trekantar så mykje at han laga ei læresetning om dei. Denne vert brukt av matematikarar og miserable skuleelevar over heile verda. På ungdomsskulen lærer ein å konstruera desse trekantane med eit instrument som vert kalla "passer" (compass på engelsk). Dette tar mykje tid, og kan ikkje brukast til noko seinare i livet.

Eg treng meir tid på krabber og hummer.

2 kommentarer:

L. sa...

sokkemysterie for alltid!!! :)

hihi, trikanter e gøy... eg like pytagoras eg.. eg fatte det:P hihi

Sara sa...

Jaaa :D tenk hvis eg hadde funne de igjen ein dag då :O DET hadde vore sprøtt det...

Haha, såpass ja :P joda, eg forstår det eg og, sånn egentlig. Men eg lige det ikkje :P