lørdag 12. april 2008

Pikekorkveld! :D

Me var 9 stk hos Jasmin igår kveld. Me song "Now is the month of Maying", åt den beste kaka eg har smakt på lenge, og prata og prata som jenter gjer. Det er merkeleg å tenkja på at me har sunge saman så lenge utan å eigentleg kjenna kvarandre (les: utan at 2. klassingane kjente 1. klassingane...), men no har me altså gjort noko med det. Dei er så herlege alle saman! Stephanie viste seg å vera litt dansk, Jeanette avslørte at ho vil studera litteratur med fordjupning i fransk, og alle song finare enn dei plar. Så mange oppdagingar på ein kveld...! :D

Seriøst, ALLE har bursdag for tida. 4 stk berre idag. Dette er ikkje bra for økonomien min. Velvel.

Elles er eg plutseleg inspirert til å skriva brev igjen, og saknar Sonja av heile mitt hjarte. Kom attende! <3

1 kommentar:

Ragnhild sa...

Det va kjempekosligt på fredag hehe:) Blir kjekt å synga videre på tirsdag!
Ha ein finfin dag;)
Klem Ragnhild