mandag 21. april 2008

Idé frå med-konferansier

Då eg i haust vart kjend med Maria, fortalde ho meg noko interessant. I ein norsk(?)time hadde klassen hennar fått ei oppgåve kor dei fekk eitt ord og skulle snakka fritt om det. Innhaldet var ikkje i fokus (for ein gongs skuld!), det viktigaste var at dei fekk øva seg på å snakka. Dei skulle ikkje førebu seg, berre seia det som falt dei inn.

Eg tykte altså dette var ein særs god idé, og hadde lyst til å prøva det sjølv. Og idag kom eg på noko! Eg kan gjera det her! :D hoho

Ja. Det eg meiner er. Viss DU skriv ein kommentar her, med eit ord eller ein frase eller eit bilete eller eitt eller anna, så skal eg gjera mitt aller beste for å skriva noko. Eg kan ikkje lova at det vert bra, eller morosamt, eller fornuftig, eller meiningsfullt. Men eg kan lova at eg skal gjera mitt beste :)

Klar, ferdig, GÅ

5 kommentarer:

L. sa...

Bønn

Sara sa...

Hmm, interessant...
I'm on it! :)

L. sa...

weeeeeeee:)
tove seie krabber og hummer
silje seie grønn sokk
og eg seie trikanter...
:) nå har du litt å sette fingrene i...

Sara sa...

Hoho! Heftig =D
Då vett eg ka eg ska gjør i fritimene i mårå ;D

L. sa...

:) wee, i'm looking forward to it:)